Bjørnafjorden kommune | 28. apr. 2022

Må finna sin fjerde samfunns-sjef på tre år

Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Torgeir Sæter, vel å gå av med pensjon.

Må finna sin fjerde samfunns-sjef på tre år
Kommunalsjef Torgeir Sæter i dagens møte i formannskapet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. apr. 2022 17:07

Kommunedirektør Christian Fredrik Fotland informerte i dag formannskapet om at han mister ein av mellomleiarane sine.

Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Torgeir Sæter, har sagt at han vel å gå av med pensjon til hausten.

Sæter blir i jobben ut september.

– Vi har forståing for at han vel å gå av. Saman med kollegaene mine vil eg sjå på korleis vi skal løysa dette, og vi har tru på at vi skal finna ein god erstattar, sa Fotland.

– Vi forstår Sæter, og har tru på at vi skal finna ein god erstattar, sa Fotland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Vi forstår Sæter, og har tru på at vi skal finna ein god erstattar, sa Fotland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Torgeir Sæter overtok etter Jarle Kvalvik på seinsommaren i 2020.

Kvalvik hadde då vore i jobben i eit halvt år.

Han overtok etter Aina Tjosås, som sa seg opp i april 2019 etter seks år i jobben.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.