Den nye toppleiinga
Bjørnafjorden kommune • Leiargruppa nesten på plass, manglar berre kommunalsjef for helse- og omsorg.
Under fellesnemnda sitt møte på Skjelbreid Poiree måndag i førre veke røpte rådmann Christian F. Fotland at han ikkje var langt unna med å få på plass leiargruppa for den nye kommunen.
I løpet av veka fall brikkene på plass, og den nye kommuneleiinga ser slik ut:
• Rådmann: Christian F. Fotland
• Assisterande rådmann: Nils-Petter Borge
• Økonomisjef: Ingrid Karin Kaalaas
• Organisasjons- og innovasjonssjef: Elisabeth Farstad
• Kommunalsjef for samfunnsutvikling: Aina Tjosås
• Kommunalsjef for oppvekst- og kultur: Line Rye
– I tillegg skal vi ha ein kommunalsjef for helse- og omsorg, men denne venter vi litt med å lyse ut. Den stillinga kjem vi til å lyse ut eksternt, fortel Fotland før han legg til att dette området er godt dekka både i Fusa og Os i dag.
Solid leiarteam
Rådmannen er godt nøgd med folka han har fått med seg.
– Denne leiargruppa har all kompetansen vi treng for å bygge den nye kommunen. Eg er veldig nøgd. Vi har fått eit solid leiarteam med brei og lang erfaring. Dette blir bra både for prosessen vi no er inne i, og for nye Bjørnafjorden kommune, avsluttar Christian F. Fotland.