Fotball | 06. mars 2022

Lysekloster sterke mot Sotra

Siger over 2. divisjonslag, der Røttingen var einaste målskårar hos gjestane.

Lysekloster sterke mot Sotra
Ruben Hetlevik (t.h.) er nøgd med Lysekloster, Kristoffer Røttingen skåra sitt første etter overgang frå Os til Sotra. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 06. mars 2022 22:30

Etter 6-0 over Varegg og 3-0 over Sandviken før vinterferien, var Lysekloster laurdag klare for nok ein treningskamp mot 2. divisjonslaget Sotra.

Lysekloster landa på 9. plass i 3. divisjon i fjor, Sotra på 10. plass i 2. divisjon.

Førre treningskamp mot Sotra enda med 1-5-tap. I går var Lysekloster sterkast.

Kampen blei flytta frå planlagt arena i Sotrahallen til Lysekloster sin heimebane.

Lysekloster - Sotra 2-1 (1-0)
Målskårarar: 1-0 Tobias Heltne Alme (4. min), 2-0 Fiton Durkiti (71.) og 2-1 Kristoffer Røttingen.

Lysekloster frå start:
Vitaly Melnichenko
Tobias Heltne Alme
Keith Groeneveld
Toni Takamaki
Aboubacar Conde
Håvar Kleppe
Lionel Kamanzi
Håvard Rinde
Erik Olaf Krohnstad
Fiton Durguti
Christian Dahl

Innbytarar:
Johannes Lie
Andreas Uran
Tobias Nøss
Eskil Instebø
Mikael Baisotti
Tom-Rune Sæle
Kasper Bordvik
Håkon Botn Brautaset
Tommy Svendsen
Fredrik Lee

Lysekloster brukte fleire nysignerte spelarar og tre på prøvespel i kampen. Vi kjem tilbake med meir om dei nye spelarane i eiga sak.

– Dette var ein god prestasjon av gutane. Det var jamt, men eg synest vi vann fortent, samtidig fekk vi mange svar på kvar vi står, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

– Kva var oppgåvene i denne treningskampen?

– Vi ville opna med høg intensitet, og sjå kor lenge vi kunne halda denne intensiteten oppe. Du kan kalla treningskampen ein kondisjonstest for vår del.

Trykket varte i drygt 60 minutt.

– Samtidig var oppgåva å ikkje mista strukturen då vi byrja å gå tom for krefter. Der var vi ikkje like gode, verken på å forstå kor tid vi skulle roa ned, eller på å koma i balanse då vi tok ned tempoet. Sotra, som også skifta formasjon, kom litt inn i kampen, og det blei noko tøft dei siste 20-30 minutta.

Sotra klarte også i redusera.

Målet kom på ein fin chip av osingen Kristoffer Røttingen, hans første skåring etter overgang frå Os til Sotra.

– Dette var kjekt! Eg trivst godt i ny klubb, og fekk 15-20 minutt etter to veker ute med skade, fortel Kristoffer.

Han fekk to spark i same legg i treningskamp mot Vard Haugesund. Leggen svulma opp, men det var heldigvis ikkje noko brot.

– Tilbake i trening etter ei veke fekk eg eit overtråkk, så då blei det ei veke til med pause. Men det kjentes godt ut å spela i går, og i dag fekk eg 70 minutt for Sotra 2 mot Djerv.

Sotra 2 vann 5-0, men det blei ikkje nettkjenning på spissen frå Øyane i denne kampen.

Lysekloster speler neste treningskamp heime mot Øygarden, som landa på 7. plass av 14 lag i PostNord-ligaen (2. div) i fjor.

– Det blir vår klart tøffaste treningskamp i denne oppkøyringa, seier Ruben.

– Eg trur vi bør venna oss til dette tempoet. Det er eit par av motstandarane våre i serien som kjem til å halda same nivå som nedste halvdel av 2. divisjon, som Fana og Vidar, og då skal du ikkje gjera mykje feil før du har dei i 16-meteren din.

Kampen går laurdag klokka 15.

Helga etter, søndag 20. mars, er det NM-kvalik borte mot Tertnes. Os speler NM-kvalik dagen før, borte mot Sund.

– Så skal vi ha ein treningskamp etter kvalik, før seriestart, treningskampen går i Åsane Arena mot Florø.

Florø tok 12. plass og rykte ned frå PostNord-ligaen i fjor.

Seriestart er mot Vidar i Stavanger.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.