Fotball | 25. jan. 2022

NM-kvalik: Her er Os og Lysekloster sine motstandarar

Begge speler første kvalifiseringskamp på bortebane.

NM-kvalik: Her er Os og Lysekloster sine motstandarar
Os og Lysekloster i serien i fjor. I år er dei i kvar si avdeling, men kan møtast i andre NM-kvalik. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 25. jan. 2022 19:04

I dag kom NFF med trekninga av første av to kvalifiseringsrundar til årets NM.

Os møter Sund på bortebane. Lysekloster speler borte mot Tertnes.

Kampane skal spelast innan helga 19. til 20. mars.

Sund kom på 2. plass av 6 lag i si 4. divisjonsavdeling (BA-ligaen) i fjor, Tertnes kom på 4. plass av 6 lag i si avdeling.

Kampane i bergensområdet:

Kopervik – Stord
Austevoll – Bremnes
Sund – Os
Lyngbø – Frøya
Tertnes – Lysekloster
Osterøy – Gneist
Bergen Nord – Arna-Bjørnar
Loddefjord – Sandviken
NHHI – Askøy
Nordhordaland – Voss

Os og Lysekloster møter ikkje kvarandre i serien i år, men kan møtast i andre kvalifiseringsrunde.

Dei skal likevel trena mot kvarandre denne vinteren, noko dei ikkje har gjort før.

84 lag i Noreg er direkte kvalifiserte til første ordinære runde, 176 andre kjempar om 44 plassar over to kvalifiseringsrundar.

I region Hordaland er dei sju beste laga i Hordaland direkte kvalifisert, dei andre må ut i NM-kvalifisering.

Bjarg, som landa på 5. plass i Os og Lysekloster si avdeling i år, er direkte kvalifisert.

Os landa på 6. plass og Lysekloster på 9. plass i årets serie. I NM tapte Os 2-6 for Øygarden mens Lysekloster tapte berre 1-2 for Åsane i ei kamp som var nær å bli sendt til ekstraomgangar.

Dei førehandskvalifiserte i Hordaland fotballkrets:
Brann
Åsane
Sotra
Øygarden
Fyllingsdalen
Fana
Bjarg

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.