Kultur | 03. aug. 2014

Livleg i festivalhamna

Det blei bading mellom bygene då båtfolket kom til Osfest.

Livleg i festivalhamna
Andreas Eriksen koste seg med bading i sommarvarmen før konsertstart. Han visste ikkje kor vått det skulle bli seinare på kvelden. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 03. aug. 2014 20:38

Bildeserie:

Vorspiel på Peppes. (Foto: KVB)
Vorspiel på Peppes. (Foto: KVB)
Rundt 15 båtar til kai på gjestebrygga langs Peppes og Kaien. (Foto: KVB)
Rundt 15 båtar til kai på gjestebrygga langs Peppes og Kaien. (Foto: KVB)
Dei nyare bryggene ved Os Sjøfront og Oseana hadde også rundt 15 gjestar. (Foto: KVB)
Dei nyare bryggene ved Os Sjøfront og Oseana hadde også rundt 15 gjestar. (Foto: KVB)
Også her var badelysta stor. (Foto: KVB)
Også her var badelysta stor. (Foto: KVB)
Os hamn laurdag kveld, rett før den kraftigaste regnbyga kom. (Foto: KVB)
Os hamn laurdag kveld, rett før den kraftigaste regnbyga kom. (Foto: KVB)
1 av 5

Frå torsdag til fredag var det berre to overnattande båtar i Os hamn.

Fredag kveld låg fleire til kai og laurdag før konsertstart låg det over 30 større båtar i Os hamn.

Hamna, som nyleg er oppgradert, var fri for kaiavgift festivalhelga.

Tett i tett langs nye brygger

Langs gjestebrygga utanfor Esso og Peppes låg det rundt 15 båtar, men det gjorde det også langs dei nyare bryggene, langs Os Sjøfront og flytebrygga ved Oseana.

Nærmast Oseana var det tett mellom mastene på seglbåtane og rundt industrikaien låg to større skuter.

Heldt seg våt mellom bygene

Laurdag blei ein svært våt festivalkveld for Osfest. Men med høg temperatur og lite vind hadde dei fleste det bra mellom bygene, og i hamna var det nok også ein del som trudde den første byga var den siste.

Ein halvtime før konsertstart var det bra med folk på vorspiel på Peppes og stor badelyst hos fleire som tok vorspielet i eigen båt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.