Livleg årsmøte i Os Turnforening
Alle går i pluss, men éin idrett legg ned, ein annan vil ut for å starta eigen klubb.
Måndag var det årsmøte i Os Turnforening. Det 114 år gamle idrettslaget har 1.416 medlemmar innan fotball, handball, friidrett, turn, amerikansk fotball og cheerleading.
– Dei siste åra har vi vore styret åleine på desse årsmøta, men i går møtte 33, og det synest vi var hyggeleg, seier Rune Rosland.
– Enkelte saker engasjerte tydelegvis ekstra i år.
Han siktar til handballen sitt ønskje om å bryta ut av Os Turn for å starta eigen klubb.
– Det blei gjeve ei orientering om årsak og utfordringar før det gjekk til votering. 2/3 stemte for at dei kunne halda fram prosessen med å melda seg ut. Dei har framleis nokre trinn igjen, så det er ikkje avgjort.
Parnefält tilbake på Kuventræ
Rosland har sete i hovudstyret sidan 2012, først som leiar, seinare som nestleiar. I går fekk han avlasting og kunne tre av.
Hans Parnefält, som var tilsett som dagleg leiar frå 2013 til 2015, er nyvalt styreleiar.
Med seg i styret får han leiarane for dei ulike undergruppene, Leiv Gunnar Heggland (fotball), Rebecca Lerch-Dahl (handball), Svein Hausberg (friidrett), June Morfjord (turn) og Lena Stigen (cheerleading).
Slutt for amerikansk fotball
Os Wolverines, som blei etablert i 2009 og spelte første seriekamp i amerikansk fotball på Kuventræ i 2010, er ikkje aktiv lenger.
– Det har vore stille på Kuventræ frå denne gjengen dei siste åra, seier Rosvold.
Det blei vedtatt å legga ned denne undergruppa.
Osingane som speler amerikansk fotball driv i Åsane Seahawks (nokre av dei spelte NM-finale på Bislett i fjor). Initiativtakar og første instruktør, Christian Detjen, fekk lov å vederlagsfritt ta med seg utstyret til Åsane, der han sjølv har gått ned frå å trena senior til ungdomane i Åsane.
Os Cheerleading kom med øsnke om å bli innlemma i turngruppa.
– Det blei ikkje aktuelt i denne runden, men styret vil sjå på korleis dei organisatorisk kan samarbeida og gjera administrasjonen av gruppene enklare, seier Rosvold.
Vil vidareutvikla anlegget
Ei siste sak var vidareutvikling av anlegget, særleg med tanke på tribune, klubbhus og garderobar.
– Der har det av ulike årsaker stått litt stille dei siste åra. Fotballen ønskjer betre tribune- og garderobefasilitetar, friidrett ønskjer blant anna ein løpebane under tak.
– Årsmøtet gav ei ramme på inntil 150.000 kroner til eit forprosjekt som kan få fart i arbeidet med planlegging av det vidare arbeidet med utvikling av anlegget, fortel Rosvold.