Sport | 19. feb. 2019

Fleirtalet sa ja til Os Turn-exit

Os Handball er eitt steg nærmare å bli eigen klubb. Tore «mr Os Turn» Moberg er blant dei som har fatta interesse for saka.

Fleirtalet sa ja til Os Turn-exit
Handballgruppa kan spretta ut av hovudlaget i løpet av våren. (Illustrasjonsbile av Anna Mjånes, foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 19. feb. 2019 13:28

Måndag kveld var det årsmøte i handballgruppa i Os Turnforening. Blant sakene på lista var oppsplitting for å ta handballgruppa ut av hovudlaget.

• Bakgrunn: Vurderer å ta handballen ut av Os Turn

Styrleiar i handballgruppa, Rebecca Lerch Dahl, ønskjer ikkje å kommentera utfallet før protokoll frå møtet er lagt fram for medlemmane.

Midtsiden kjenner til at fleirtalet gjekk inn for å fremja sak og oppsplitting for årsmøtet i Os Turnforening 18. mars. Det skal, ifølgje våre kjelder, ha vore 17 røysteføre på møtet.

14 stemte for, 3 stemte mot.

– Få reaksjonar

Årsaka til ønsket om å skilja ut handballen i eige særidrettslag blir av styreformann i hovudlaget, Rune Rosland, skildra som komplisert.

Ei intern prosjektgruppe som har utgreidd saka konkluderer på denne måten:

«Fleridrettslaget fungerer ikke slik det er organisert i dag, både fotballgruppen og delvis også håndballgruppen, er for stor i forhold til de andre særidrettene. Dette skaper en stor skjevhet i gruppen og begrenser mulighetene til å utvikle både den enkelte særidrett og anlegget som helhet.

– Har det kome reaksjonar etter at Midtsiden omtalte saka i førre veke?

– Ja, men ikkje så mange. Det har vore eit par tidlegare styremedlemmar som har tatt kontakt for å få meir informasjon, seier Rosland.

Ein av dei er Tore Moberg, som har hatt verv sidan midten på 60-talet og fram til 2010, 16 av åra som styreformann.

– Først blei eg overraska, men når eg har fått høyra meir om dagens situasjon så forstår eg det. Om det er rett eller ikkje, vil eg førebels ikkje seia noko om, men det kan sjå ut som om dei burde tatt seg litt betre tid før dei bestemte seg, seier Os Turn-veteranen.

Har hastverk

Om handballen sin exit får fleirtal også på årsmøtet til hovudlaget, er saka likevel ikkje avgjort. Å bryta ut frå eit fleireidrettslag må nemleg godkjennast i Norges Idrettsforbund.

Det kan vera vanskeleg, spesielt om laget vil ta eigne midlar og utstyr med ut av fleiridrettslaget.

Men etter ein uttale frå NIF sitt lovutval i november 2018, kan det vera ei opning dei neste månadane. Dette vindauget kan bli lukka om årsmøtet i NIF seinare i vår går tilbake til tidlegare lovverk, som skal vera endå strengare.

Handballgruppa ønskjer, om forslaget går gjennom, å danna allianse med Os Turnforening.

«Avtalen skal også et grunnlag for fremtidig samarbeid mellom idrettslagene, både sportslig og økonomisk, slik at en oppsplitting av fleridrettslaget ikke vil ha en uønsket sportslig og økonomisk påvirkning for medlemmene som ønsker å drive med idrett på tvers av idrettslagene» står det i avtaleforslaget, som ligg publisert på osturn.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.