Sport | 14. feb. 2019

Vurderer å ta handballen ut av Os Turn

Måndag skal årsmøtet i handballgruppa ta stilling til om dei, etter 73 år, vil ut av hovudlaget.

Vurderer å ta handballen ut av Os Turn
Os Turnforening si handballgruppe vurderer å bryta ut og organsiera seg som Os Handballklubb. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. feb. 2019 09:27

Os Turnforening blei stifta i 1905. Fotballen, som starta for seg sjølv i 1919, kom med i laget i 1934, handballen i 1946.

No vurderer handballgruppa å bryta ut av fleiridrettslaget. Handballgruppa har årsmøte måndag 18. februar, og her skal følgjande sak opp til avstemming:

«Eventuell oppsplitting av fleridrettslaget med avstemming om saken skal tas videre til årsmøtet i Os Turnforening.»

Ifølgje årsmeldinga for 2018 har handballen 433 medlemmar.

Hovudlaget har årsmøte 18. mars.

Vil venta med å kommentera

Styreleiar i handballgruppa, Rebecca Lerch Dahl, stadfestar at temaet er oppe til diskusjon.

– Men eg ønskjer ikkje å kommentera dette i media før medlemmane i Os Håndball har kome med si innstilling, seier ho til Midtsiden.

Leiar i hovudstyret, Rune Rosland, seier det er ei komplisert sak.

– Dette er førebels ei intern sak, ingenting er vedtatt.

– Kva er årsaka til at handballen ønskjer å bryta ut?

– Det har vore diskutert over tid, og saka er ganske samansett. Os Turnforening har endra seg mykje dei siste åra. Nokre av idrettane har vakse seg store, både i medlemstal og økonomi, samtidig har hovudlaget no eigarskap berre til to fotballbanar. Friidretten og handballen trener på kommunale anlegg.

Fekk mandat i fjor

Sakslista til handballen sitt årsmøte er publisert på osturn.no.

Det var på årsmøtet til hovudstyret i mars i fjor at handballstyret fekk mandat til å greia ut om ei eventuell oppsplitting av fleiridrettslaget.

Måndag 11. februar var medlemmane i handballgruppa invitert til eit informasjonsmøte om saka. I invitasjonen til møtet kjem bakgrunnen betre fram. Her er delar av informasjonsskrivet:

«Som forespeilet ble det også på hovedlagets årsmøte, 19.mars 2018, satt ned en prosjektgruppe som skulle utrede alternative muligheter for oppsplitting av hovedlaget. Os Håndball har her vært representert med tre av styrets medlemmer; håndballgruppens leder; Rebecca Lerch Dahl, Arrangementsleder; Tore Hisdal, og Sportslig Leder; Ingerid Verpe Jacobsen. Prosjektgruppens konklusjon ble at fleridrettslaget ikke fungerer slik det er organisert i dag, både fotballgruppen og delvis også håndballgruppen, er for stor i forhold til de andre særidrettene. Dette skaper en stor skjevhet i gruppen og begrenser mulighetene til å utvikle både den enkelte særidrett og anlegget som helhet. I tillegg skaper dagens organisering uro og usikkerhet, spesielt med tanke på økonomi.»

Blant sakspapira til møtet er òg utkast til avtale mellom Os Turnforening og Os Handballklubb. Denne seier blant anna noko om vidare bruk av namn, logo og draktfarge, eigarskap til utstyr og fordeling av opptente midlar, for eksempel Grasrotandelen.

Fotballen og friidretten blir verande

Friidrettsgruppa har gått frå eit forelda friidrettsanlegg til å trena på kommunale Os Idrettspark, som blei opna i september 2015.

Idrettsparken på Kuventræ blei ein realitet etter eit makebyte mellom Os Turnforening og Os kommune, der Os Turn overtok eigarskap til nedre bane (K2, bygdas første krøllgrasbane)), som dei tidlegare lånte eller leigde grunn til, og Os kommune, etter vederlag, overtok grasbanen (som blei erstatta av kunstgras), løpebanen og tomta ned mot Furulunden og kyrkjegarden.

– Å bryta ut av Os Turnforening er ikkje tema for vår del, seier styreleiar i friidretten, Svein Hausberg.

Os Fotball er den klart største gruppa i fleiridrettslaget. For rundt 10 år sidan vurderte dei å gå ut av hovudlaget, men slo det frå seg.

Ifølgje styreleiar Jon Sivert Rykkel er det i desse dagar ikkje aktuelt å prøva å ta fotballen ut av Os Turnforening.

– Det har vore diskutert tidlegare, men er ikkje tema no om dagen. I så fall ville vi stått utan bane, å ta anleggsmidlar ut av eit fleiridrettslag over til eit nydanna særidrettslag viser seg ifølgje NIF sine reglar å vera umogleg, seier Rykkel.

Kva retning handballen ønskjer å gå veit vi ikkje før måndag 18. februar. Om hovudstyret vil akseptera eit eventuelt ønskje om å bryta ut, blir klart 18. mars.

Uavhengig av resultat kan det sjå ut som om det er behov for endring i måten bygdas største idrettslag, 114 år gamle Os Turnforening, blir styrt på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.