Liten hund skadd av stor hund
Politiet fekk i går melding om snoking med varebil, utforkjøring og skadd hund i Lysefjorden - og farleg skuleveg grunna usikra arbeidsplass langs vegen.
Torsdag fekk politiet melding frå ein hundeeigar, som hadde fått hunden sin skadd av ein større hund.
– Vedkomande hadde gått på tur ved idrettsplassen i Lysefjorden då den vesle hunden hadde blitt biten av ein større hund, fortel politoverbetjent Audun Hadler-Olsen.
– Det er ikkje notert noko her om den store hunden gjekk laus, eller om den vesle hunden blei alvorleg skadd, men eigar til den store hunden skal ha vore på plassen.
Eigaren av den vesle hunden vurderte i går å melda episoden.
Entreprenør fekk pålegg om sikring
Torsdag morgon fekk politiet melding frå foreldre som var uroa for tryggleiken på skulevegen frå Skeisbotnen.
– Det er anleggsarbeid i området og området er utan gatelys.
Politiet kjørte ut og såg på staden, noko som resulterte i pålegg om å sikra anleggsområdet betre og å dirigera trafikken om morgonen.
Det er også sett opp lys på staden.
Kvinne utfor ved klosteret
I 02.30-tida natt til fredag fekk politiet melding om utforkjøring ved klosterruinane i Lysefjorden.
– Det skal ha vore ei kvinne som kjørte utfor. Ingen blei skadd i trafikkuhellet.
Sjekka utlendingar i varebil
I går fekk politiet tips om ein utanlandskregistrert varebil, ein kvit transit, som kjørte rundt i Hegglandsdalen, som om den leita etter noko.
– Vi møtte ikkje denne varebilen, men sjekka ut nokre utlendingar tidlegare på dagen.
– Det høyrest ut som om dette er folk på jakt etter metall, skrap dei ber om å få. Så lenge dei har papira i orden er det lite vi kan gjera, med mindre dei faktisk tar noko
Les òg: Er det noko å frykta