Lokal | 15. okt. 2013

Er det noko å frykta?

Utlendingar på jakt etter jern: – Enkelte er glade for å få rydda i hagen, andre er skeptiske til snoking og pågåande utlendingar, seier Torbjørn Brudeseth i Metallco Bergen AS.

Er det noko å frykta?
Denne bilen patruljerte Hegglandsdalen på jakt etter stål måndag ettermiddag. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 15. okt. 2013 11:42

I går fekk politiet melding om fleire tilfelle av utlendingar som kom på døra og spurde etter stål og jern.

Enkelte syntest det såg ut som om dei gjekk og snoka og politiet ber folk vera merksame.

– Vi møtte tre personar i ein varebil i Hegglandsdalen i går, som rygga raskt ut frå ein eigedom då han såg at det var folk der.

– Vi stoppa og spurde kva dei heldt på med, og dei sa det var business, før dei stakk frå staden, fortel ein Midtsiden-lesar.

Sjekkar alle leveransar

Midtsiden har snakka med dagleg leiar ved Metallco Bergen AS, eit av 4-5 mottak av skrapjern i bergensområdet.

– Vi betaler 80 øre per kilo for det vi får inn, seier Torbjørn Brudeseth.

– Men ingen utlendingar får levera noko utan at dei gjev oss eit telefonnummer så vi kan ringa og sjekka at dei faktisk har fått det dei skal levera.

– Ver bestemt!

Brudeseth seier han kan forstå at folk synest det kan vera ubehageleg å få besøk av utlendingar som spør etter skrapjern.

– Enkelte er svært pågåande og tar kanskje ikkje første nei for eit nei. Det er nok som oftast ikkje noko å frykta, men om du ikkje har noko å gje vekk så ver bestemt, vis dei vekk, eventuelt sei at du vil ringa politiet.

– Vi har hatt leverandørar her som vi konsekvent viser vekk, anten fordi dei ikkje rettar seg etter våre reglar eller fordi vi får ei dårleg magekjensle. Og om du saknar noko så ring oss så fort du kan, då kan vi kanskje få tatt dei i det dei prøver å levera varene.

Men det er også fleire som har nytte av desse.

– Vi har til og med enkelte som kontaktar oss og spør om vi kan senda nokon heim til dei.

– Om du har ein del metallskrot i garasjen eller i hagen, så gjer dei nemleg ein ganske grundig jobb med å få det vekk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.