Lokal | 15. okt. 2013

Utlendingar ba om stål

Politiet har fått meldingar om menn i ein utanlands varebil som reiser rundt i Os og spør etter stål.

Utlendingar ba om stål
Ill.foto: Kjetil Vasby Bruarøy
Kari M. Lyssandtysdag 15. okt. 2013 09:40

Varebilen, ein kvit Ford Transit, er observert fleire stadar i distriktet, og ein bør vera merksam, meiner politiet.

- Den eine meldaren fortalde at han såg ein person frå Transiten på veg mot garasjen sin, og då han blei oppdaga kom dei seg raskt frå staden, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

- Det er mogleg at det ikkje berre er stål dei er ute etter, åtvarar han.

Politiet har ikkje noko å ta dei på, men ber folk vera observante.

Mistenkjeleg Mercedes

Ein annan kvit utanlansregistrert bil, denne gong ein Mercedes, blei i morgontimane observert inne på området på steinknuseverket i Ådnadalen.

- Det har blitt stole diesel frå staden i samme tidspunkt og dei ansatte mistenker at folk i denne Mercedesen ha vore involvert, seier Hadler- Olsen.

Oppsøkte skular på kveldstid

Politiet har hatt trafikkontroll på Ulvenvegen måndag.

- Vi kontrollerte 26 førarar der ein fekk bot for å ikkje ha med førarkort.

I tillegg har politiet drive hatt ein del forebyggjande arbeid måndag.

- Vi har fått meldingar om at det oppheld seg ein del personar inne på skule- og barnehageområder på kveldstid, fortel Hadler- Olsen.

Politiet var mellom anna på skulen på Søfteland, Kuventræ og gymnaset, og barnehagane i Os og Varhaugen, men fann ingen personar på stadane denne kvelden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.