Linn beatboxa lyden av Os
VIDEO: I fjor blei ho hekta på beatboxing, i dag song Linn Andrea Hjelle for Ole Hamre til Festspill-prosjektet Osofonen.
Osofonen, eit bestillingsverk av Oseana og del av det offisielle Festspillprogrammet i 2014, blir spelt i kulturhuset i Os 25. mai.
Ole Hamre og filmskapar Benjamin Langeland frå Noenlunde Film & Media har hatt fleire dagar med innspeling av lydar i Os, og i dag var dei og møtte unge og eldre osingar.
Les òg: Ulike, overraskande og spreke lydar av Os
På Os ungdomsskule fekk dei fanga lyden av Linn Andrea Hjelle, som har beatboxing som hobby.
SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN
– Eg er ikkje flink å synga, men synest beatboxing er tøft. Det er kult at det går an å laga musikk berre ved hjelp av munnen, seier Linn.
Hamre blei tipsa om tiandeklassingen, som takka ja til å vera med.
Heiagjeng og dansarar
– Det var vanskeleg i starten, men etter ei stund med øving var det nesten som at lydane kom av seg sjølv. Det var først i fjor eg byrja å få det litt til.
Heiagjengen blei stor medan Linn song for Ole Hamre. I bakgrunnen stilte to breakdansarar frå Søre Neset, 8. klassingane Daniel Andreasson og Andreas Herland opp for å laga stemning.
Den lengste O-en i Os?
Etter besøket på ungdomsskulen var Hamre og Langeland i Oseana, der dei møtte både marknadsansvarleg Astrid Heggland, kulturskulerektor Christian Breistein, ordførar Terje Søviknes og 320 seniorar som hadde vore på foredrag.
– Eg kan ikkje synga, men eg kan prøva, sa ei sprek Astrid.
Rektor Breistein var ikkje verre, og Christian, som har fartstid med blåseinstrument, gjekk aldri tom for luft.
– Veldig bra, men du kan ta O-en litt kortare, sa Hamre, imponerte over lungekapasiteten på Breistein sin «Oooooooooooos».
VIDEO: Her kan du sjå Linn Hjelle og seniorane synga. Søviknes & Co sine stemmer får du venta med til framsyninga. (Foto: KVB, Midtsiden.no)