– Ulike, overraskande og spreke lydar av Os
Øyane, Os Asvo, brannstasjonen og Os hamn – i dag er Ole Hamre på jakt etter lyden av Os igjen.
I vinter blei det kjent at multikunstnar Ole Hamre frå Bergen, som blant anna står bak ideen og prosjektet Folkofonen og Capeofonen, følgjer opp med Osofonen.
Ideen er å få tilfeldig og mindre tilfeldig utvalte osingar til å synga ein tone, og å fanga ulike andre lydar, gjerne karakteristiske for bygda, for så å setja dette saman til musikk.
Sjå video av Folkofonen nedst i artikkelen, og trykk her om du vil sjå Capeofonen (Sør Afrika).
Imponert over Eirik
I januar var Ole Hamre på idésamling med ulike personar i musikk- og kulturlivet i Os.
Les òg: Éin osing - éin tangent
For to veker sidan var første dag med innspeling.
– Vi var på Solstrand, rådhuset og Amfisenteret. På senteret møtte vi Eirik Søfteland, og han gjorde utruleg mykje bra. Han er fantastisk musikalsk og ein skikkeleg showmann, synest Hamre.
– Generelt vil eg seia at osingane er veldig spreke, det er nesten ikkje ein einaste som har takka nei til å synga for meg. Andre stadar har dette prosjektet vore nesten umogleg, men Os tangerer Bergen i å vera Nord-Europas mest tettbefolka av ekshibisjonistar.
På tur i Os igjen
I dag er Hamre med osingen Benjamin Langeland frå Noenlunde Film & Media på jakt i Os igjen.
– Vi var på Vedholmen i formiddag og har fått opptak av lydar frå både båtar og laksefiletering.
Så gjekk turen til Os Asvo, Os Brannstasjon og om bord i oselvar.
På Os Asvo var det stor velvilje til å synga for Ole Hamre.
– Vi går i kor annakvar tysdag, «Gøy med musikk» med Anne Leni og Terje Neset, fortel Stig Øvreeide, den første til å melda seg til å synga Oooooooooooooooooos framfor kamera.
Om Hamre fekk brannsjefen og varabrannsjefen til å ta nokre tonar er førebels hemmelegstempla.
Konserten og framsyninga Osofonen – Lyden av Os, er eit bestillingsverk frå Oseana og del av Festspillene 25. mai.