Brann og beredskap | 18. feb. 2022
Lettare skadd etter å ha sløkt brannen sjølv
Brann i kjøkken på Søfteland torsdag kveld.
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. feb. 2022 09:12
Torsdag i 22.20-tida kom det melding om ein brann som var sløkt i ein bustad på Søfteland.
Politi, brannvesen og helse rykte ut.
– Ein person som sløkte brannen sjølv, var lettare brannskadd, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.
Vedkomande blei tatt med av ambulansepersonell for vidare undersøking.
– Brannen var på eit kjøkken. Brannårsak har mogleg samanheng med lyskjelde i ventilasjonsanlegg over komfyr, fortel Grindstein.