Politi | 27. des. 2023

Laus hund henta av Redgo - båtar på rek fortøydd på Drange

Ein hund blei funnen på Sveo, to båtar blei funne i Drangsvågen.

Laus hund henta av Redgo - båtar på rek fortøydd på Drange
Drangsvågen i 2017. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. des. 2023 09:29

Politiet i Os fortel om ei roleg julehelg, sett vekk frå vanskelege køyreforhold og nokre uhell i trafikken.

Nokre av uhella har vi allereie omtalt, andre kjem vi tilbake til i eiga sak.

Også 1. juledag, som er ein av årets travlaste kveldar for utestadane i Os, gjekk for seg utan konfliktar som involverte politi.

Utanom trafikkforholda, har politiet fått melding om funn av lommebok, hund og to båtar - kvar for seg.

– Lommeboka blei funnen i Landboden, men der var det kort med ID i og lett å finna eigar, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Litt før klokka 13.30 måndag første juledag blei det funne ein hund i ein hage på Sveo.

– Det er ein stor, svart hund med krølla pels. Naboane kjente ikkje til hunden frå før, og den blei til slutt henta av Redgo (tidlegare Falck Redning).

Vesle julaftan fekk politiet melding om funn av to båtar på rek i Drangsvågen.

– Dei skal ha kome rekande ein gong mellom 22. og 23. desember. Den eine er ein Kuling med 10 hk Mercury, den andre er ein Buster aluminiumsbåt utan påhengsmotor.

– Finnar har fortøydd båtane, og håper eigarane melder seg og hentar dei innan nyttår.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.