Samferdsle | 04. juli 2023

Lastebil i grøfta på Gåssandvegen

Innbyggar på Gåssand måtte snu og køyra heim.

Lastebil i grøfta på Gåssandvegen
Det ser ut til å vera passasje forbi, men ikkje mens bergingsbil er på staden. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 04. juli 2023 10:17

Tysdag klokka 11.58 blei vi tipsa om ei utforkøyring og blokkert veg på Gåssand.

Ein lastebil har køyrd utfor og velta, og hindrar saman med bergingsbil andre å køyra inn og ut Gåssandvegen.

– Eg fekk beskjed om at det skjedde i 10-tida, og at det framleis kunne gå nokre timar før lastebilen var berga, seier tipsar.

Han var på veg til verkstad med sin eigen bil, men må laga seg ein ny avtale.

– Vi får håpa at ingen får bruk for helsehjelp mens dette pågår, legg han til.

Uhellet skal ha skjedd i enden av Lonaflaten, nær Paddedalsreset, for dei som er lokalt kjent. (Google Maps)
Uhellet skal ha skjedd i enden av Lonaflaten, nær Paddedalsreset, for dei som er lokalt kjent. (Google Maps)

Gåssandvegen er kommunal. Vi fekk ikkje tak i teknisk vakt, og brannsjef Espen Storum kjente ikkje til uhellet eller den blokkerte vegen då Midtsiden tok kontakt.

– Dette er nyttig og kan vera viktig at vi veit om. Eg vil varsla vidare til dei andre blåslyseiningane.

– Det hender jo frå tid til annan at nabolag kan vera blokkerte av uhell, men om vi skulle få ei utrykking til Gåssand mens dette pågår, kan det vera avgjerande å veta det på førehand.

OPPDATERT: Brannsjef Storum fortel klokka 14.58 at vegen er open igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.