Samferdsle | 04. juli 2023

Redusert framkomst etter lastebilvelt i Fana

Lastebil med pukk velta i Søråstunnelen.

Redusert framkomst etter lastebilvelt i Fana
Skogafjellstunnelen retning Bergen i 08.20-tida i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 04. juli 2023 07:10

Tysdag klokka 07.16 meldte Vegtrafikksentralen om stengt E39 gjennom Råtunnelen og Søråstunnelen grunna trafikkuhell.

Klokka 07.17 oppdaterte Vest politidistrikt med at ein lastebil med pukk hadde velta, og at E39 var stengt retning Bergen.

Også Lyshorntunnelen retning Bergen blei stengt, men opna etterkvar i eitt felt.

Lyshorntunnelen blei heilt stengt rett etter ulykka. (Lesarbilde, foto: Jan Kristian Rokne)
Lyshorntunnelen blei heilt stengt rett etter ulykka. (Lesarbilde, foto: Jan Kristian Rokne)

– Lastebilen og ein personbil er involvert. Personbilen har fått store, materielle skadar, opplyser politiet via Twitter.

Ifølgje BT er to personar køyrd til sjukehus etter ulykka. Dei var bevisste, skadeomfang er ukjent.

Råtunnelen, den mot Flesland, er i 09-tida open, mens Søråstunnelen er framleis stengt.

Trafikken går òg saktare enn normalt frå Os til Bergen på ny E39.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.