Langtidsparkering?
Naboar i Kuvågen håper vraket blir fjerna snarast.
Dei siste vekene har eit bilvrak på Lekven skapt harme, både hos naboar og hos bileigar (!).
No har det kome melding om ein annan bil som kan sjå ut til å bli ståande ei stund.
– Det står eit vrak utan hjul på parkeringsplassen ved badevika i Kuvågen, fortel ein innringar.
Ho jobbar i barnehagen rett ovanfor og er lei av å sjå på forsøplinga av det fine området.
– No nærmar det seg sommar og eg synes vraket bør fjernast.
Vil ta det med éin gong
Brannsjef Stein Gjøsund hadde ikkje høyrd om vraket før Midtsiden tok kontakt torsdag.
– Eg vil sjekka det med éin gong, og finna ut både kven som eig bilen og grunnen.
– Så skal eg melda vidare til politiet så vi får begjært tauing på vraket.
– Det har stått fleire vrak på ganske bortgøymte plassar i Os og vi er heilt avhengige av å få slike tips. Dette er forureining og det er skjemmande, så eg forstår at folk reagerer, seier Gjøsund.