– Det er ikkje mitt boss!
Eigaren av det tidlegare omtalte vraket på Lekven er i dag på plassen og ryddar. Ho er minst like irritert som naboane har vore.
Før helga fortalte politiet at bilvraket som har stått parkert ved E39 på Lekven den siste tida skulle fjernast fredag.
– Eg forstår ikkje kvar politiet har den datoen ifrå, dei har berre ringt med éin gong, og det var for ein månad sidan, seier kvinna som eig bilen.
I dag er ho og medhjelparar i sving med å rydda ut av bilen, som er fylt med boss frå golv til tak.
– Ikkje eg som har parkert bilen her
– Det er ikkje eg som har sett bilen her og det er ikkje mitt boss i bilen.
– Den sto parkert på ei adresse på Lekven der eg leigde tidlegare. Det er nok huseigar som har fylt bilen med ting frå boden og frakta bilen ned her.
– Nokre av tinga er mine, men størsteparten av det som er i bilen er ikkje mitt, seier den irriterte bileigaren.
Ikkje kjørbar
I dag blir bilen tømt og kvinna jobbar med å få nokon til å henta vraket.
– Eg skulle kjøra bilen i Rådalen, men den mangla batteri. Etter at den blei frakta ned her er det gjort skade på bilen, så no er den ikkje kjørbar.
– Men eg skal få tak i nokon som kan fjerna den.