Lokal | 03. mai 2013
– Blir fjerna i dag
Eit bilvrak fylt med boss har stått ved Halhjemsvegen i lengre tid. No har politiet avtale med eigar om fjerning i dag.
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. mai 2013 09:52
Ein avskilta varebil har stått parkert på Lekven nær Halhjemsvegen i lengre tid.
Eigar har fått pålegg om fjerning tilsendt frå Os kommune, men naboar og andre irriterer seg over at vraket framleis ikkje er fjerna.
– Vi har vore i dialog med eigar. Den bør vera fjerna på måndag, sa politiet til Midtsiden for ei veke sidan.
Måndag var den ikkje fjerna. Ikkje tysdag heller.
– Eigar har lovd å fjerna den i dag, fredag, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.
– Eg forstår at naboar vil ha den vekk, men dei må vera litt tålmodige når vi no er på saka.