Kultur | 09. des. 2014

Lang, lang lenke

Opptur Motbakkeklubb valte den verste dagen å ta 150 meter med lyslenker opp til toppen av Borgafjellet.

Lang, lang lenke
Lenkene tok så stor plass i sekkane at enkelte frå Opptur måtte lenkast saman ved å dela lenka i sekk etter sekk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 09. des. 2014 22:53

Bildeserie:

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
På toppen (Privat foto)
På toppen (Privat foto)
Til helga er det tenning. (Arkivfoto: KVB)
Til helga er det tenning. (Arkivfoto: KVB)
1 av 6

Først blei linene til Os Kulturutvikling tatt ned, så fekk dei løyve til å få dei opp igjen. I mellomtida har dei tre lyslenkene, kvar på 50 meter, vore downtown Os for reparasjon.

– Alle viser velvilje, fortalte Georg Jørgensen i førre veke om støtta Os Kulturutvikling har fått for å få lysa opp igjen.

I regn og storm tysdag kveld stilte den aktive og veksande Opptur Motbakkeklubb opp for å ta lenke til fjells.

Frå magisk til tragisk

– Vi var på Linken i går, fleire av oss med ein del kilo i ryggsekken for å gjera turen tyngre. Detteblir peanuts, sa Klas Færøvik før avmarsj frå Hjelle i 17-tida i ettermiddag.

– Litt forskjell er det likevel, vêret var magisk i går.

I ettermiddag har det heller vore tragisk, med liten storm og stor nedbørsmengde.

Likevel var responsen god då Klas inviterte lagkamerater, og -venninner, med på tur.

– Hjelper gjerne fleire gongar

– Tidspunkt for avmarsj blei ikkje bestemt før i formiddag, men då eg spurde via facebooksida vår om nokon ville vera med så var det jo ein god gjeng som på strak arm var klar for å hjelpa til!

– Turen gjekk fort og greit, sjølv om lenkene tok så mykje plass i sekken at nokre av oss måtte lenka oss saman ved å dela same lenke i kvar sin sekk.

Å lenka saman idrett og kultur har han også sansen for.

– Lysa på Borgafjellet er det mange som er glade i, her gjer Os Kulturutvikling ein kjempejobb.

– Vi hjelper gjerne til fleire gongar, anten det skal skiftast lyspærer eller lenkene skal berast ned igjen etter jul, seier Færøvik.

Målet er å tenna lysa i helga som kjem, innan 3. søndag i advent. Lysa skal ned igjen 9. januar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.