– Alle viser velvilje!
Både Telenor, Eltel, Os Elektro og Opptur Motbakkeklubb spring med høge kneløft for å hjelpa med å få lys på Borgafjellet igjen.
Laurdag, etter å ha blitt informert om negative reaksjonar i sosiale media på at linene til lysa på Borgafjellet var kappa ned, kom Telenor til Os Kulturutvikling med gladmeldinga; grønt lys for lys på Borgafjellet!
– Veka har gått med til å sjå over lyslenkene og ordna med formaliteter. Vi måtte blant anna senda ein formell søknad til Telenor, men det tok det no berre eit kvarter å få godkjent, seier Georg Jørgensen.
– Både Telenor og Eltel har vist veldig mykje velvilje, det har også fleire lokale aktørar. Tidlegare støttespelarar og andre har invitert oss til å ta kontakt om vi treng hjelp eller sponsing.
Motbakkeløp med lyslenker
Os Elektro, som lenge har støtta prosjektet, har reparert skader på lyslenkene - Opptur Motbakkeklubb vil bidra på andre måtar.
Fem medlemmar av Os Kulturutvikling har tidlegare tatt lenkene til fjells. «Det var eit slit», fortel Georg.
Midtsiden sendte ei oppfordring til Opptur Motbakkeklubb, som piler frå fjelltopp til fjelltopp i Os kvar einaste helg, og fekk svar med éin gong.
– Klart vi er med! seier Klas Færøvik.
Venter på lyspærer frå Frankrike
Rundt 70 av dei 300 lyspærene må skiftast på dei tre 50 meter lange lenkene.
– Vi har bestilt endå fleire. Vi fekk bestilt dei i Oslo, men leverandøren måtte få nokre av dei opp frå Frankrike eller Nederland, så det kan enno gå nokre dagar før alt er på plass, seier Jørgensen.
– Eltel har sagt at jobben med linene, som vi har kjøpt heilt nye, har høg prioritet, og om alt klaffar framover kan vi tenna lysa på Borgafjellet neste helg.