Lysa på Borgafjellet er redda!
– Ei misforståing, seier Telenor, etter at ei tilflytta eldsjel informerte dei om misnøye i Os.
I 13.30-tida laurdag fekk Georg Jørgensen frå Os Kulturutvikling den hyggelege beskjeden frå Telenor.
– Dei seier vi kan kontakta Eltel og få linene våre og lyslenkene opp igjen i masta på Borgafjellet, seier han nøgd.
Reaksjonane i Os har vore mange etter at Midtsiden fortalte om fjerninga av linene, og at ikkje noko skulle opp igjen i bardunane på masta.
Ei av dei som reagerte negativt på dette var Anne Karin Olsen Murud. Ho oppretta facebookgruppa Ja til lys på Borgafjellet.
– Eg flytta til Os for fire år sidan og forsto fort at desse lysa var ein populær tradisjon. Sambuaren min og foreldra hans blei skikkeleg skuffa då dei fekk høyra at det var slutt på desse lysa.
I går delte ho informasjon om gruppa på Telenor sine facebooksider, i dag fekk ho svar:
«Vi har undersøkt saken om lyssetning på Borgafjell i Os, og har i dag snakket med Os Kulturutvikling, som vil følge opp saken på mandag. Vi opplever lyssetning av masten på Borgafjeller en viktig tradisjon for Os kommune, og vi i Telenor er ikke negative til at tradisjonen fortsetter. Vi beklager derfor på det sterkeste eventuelle missforståelser i denne saken. Vi er imidlertid opptatt av at kabling og montering av lysene gjøres i henhold til våre rutiner for å opprettholde sikkerheten under installasjonen, og at lysene demonteres i januar av samme grunn.»
– No gjenstår det praktiske, både å få Eltel til å ta linene opp igjen og å sjekka lyslenkene, å få skifta pærer som er gåen. Er vi heldige får vi lys på Borgafjellet i løpet av ei veke, seier Jørgensen.