Lokal | 04. des. 2014

Lågare temperatur enn venta

Ferjefri E39: Det gjekk stort sett for seg i sømmelege former då vegvesenet presenterte alternativa for kryssing av Bjørnafjorden.

Lågare temperatur enn venta
Omlag 140 osingar hadde tatt vegen til folkemøtet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 04. des. 2014 12:00

Bildeserie:

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen, vegsjef Helge Eidsnes og prosjektleiar Signe Eikenes svar på spørsmål og kommentarar frå salen (foto: AH)
Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen, vegsjef Helge Eidsnes og prosjektleiar Signe Eikenes svar på spørsmål og kommentarar frå salen (foto: AH)
1 av 1

Det blei ikkje dei store oppheita debattane då statens vegvesen med prosjektleiar Signe Eikenes og vegsjef Helge Eidsnes og fylkeskommunen med fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) inviterte til folkemøte om ferjefri E39 onsdag, men litt usemde var det.

Først ut av tilhøyrarane var varaordførar i Fusa, Atle Kvåle (Ap) som fortalde at dei no støtta det midtre alternativet.

– Vi vil no jobba beinhardt for tilknytning til E39.

– Fusa vil knytta seg opp mot vegen via Endelausemarka-området. Det er viktig for verdiskapinga og for at også fusingane skal bli ein del av den felles bu- og arbeidsmarknadsregionen, kommenterte Kvåle.

– Eg er imponert over den haldninga Fusa no viser, roste Os-ordførar Terje Søviknes (Frp) etter møtet.

– Ikkje støtte i Stortinget

Ein som derimot fekk blodet til å brusa, spesielt hjå fylkesordføraren, var Glenn Erik Haugland (V).

– Eg vil hindra bru over Bjørnafjorden. Det er ikkje noko av argumenta her i dag som endrar noko som helst.

– Dette er ikkje forankra i Stortinget og dei samfunnsøkonomiske argumenta er ikkje gode nok. Veger skapar ikkje arbeidsplassar.

– Det høyres jo òg ut som om vi skal få Bergen-Oslo gjennom Os. Då blir vi eit gedigent vegkryss med to store vegprosjekt.

– Dessuten er det ikkje sagt noko om støyproblematikken. Lyden ferdast godt over vatnet, det er ikkje nemnd med eitt ord, tordna Haugland.

– Du er for seint ute

Fylkesordføraren klarte ikkje la dette stå uimotsagt.

– Du er for seint ute.

– Det er to forskjellige regjeringer som har sagt at det skal byggjast ferjefri kyststamveg. Då blir det slik, tordna Nilsen, som i motsetning til Haugland meinte det var støtte for prosjektet også på Stortinget.

– Armen til Oslo vil mest sannsynleg gå via Kvam, så det blir ikkje eit stort vegkryss i Os.

– Det einaste vil vera ein tverrforbindelse til Fusa, la Nilsen til.

– Når det gjeld støy, så er det lagt inn tunell-løysingar i alle alternativa på Os. Store delar av Os vil få det betre enn i dag.

– På brua er det ei anna utfordring, men det finnst måter å støyisolera ei bru på òg, supplerte ei mildare Signe Eikenes.

Kva med jernbane?

Tore Rykkel, også han frå venstre viste til ein film som skal vera laga kor ein òg har lagt inn jernbane.

– Det er ikkje teikna inn no. Er jernbane dødt og begravet, undra Rykkel.

– Filmen du viser til er truleg den som Bergen Næringsråd har laga.

– Bestillinga til oss er på vei, vi har ikkje blitt beden om å sjå på jernbane, så det står ikkje på dagsordenen vår, svara Helge Eidsnes.

Meir roleg no

– Etter å ha fått fire alternativ presentert så er eg meir betrygga no enn då vi fatta vedtaket i kommunestyret.

– Det å føra vegen ned i ein senketunell under øyane vil vera det mest skånsomme for kystlina.

– Alternativet med dagløysing frå Øyane til Halhjem kan du berre legga i ein skuff og låsa godt att, kommenterte Emil Tetlie Brimsholm (H), som på vegne av Os fekk skryt frå vegsjefen.

– Engasjementet som har vore på Os vil eg berømma.

– Vedtaket som blei gjort her har gjort at vi har trekt opp fleire løysingsalternativ. De har hatt ei god påvirkning, svara vegsjefen.

Usikker økonomi og ikkje kjent kunnskap

Ingrid Netland (Sp) forbehaldt seg retten til å kjempa mot brua og tykkja fylkesordføraren hadde vore ufin i svaret sitt til Haugland.

– Når det gjeld økonomi så vil dette kosta mellom 9 og 20 milliardar kroner.

– Det er usikre prognoser, samstundes skal ein nytta ikkje kjent kunnskap. Eg forstår ikkje då at ikkje det indre alternativet er betre.

– Det vil vera utopisk å tru at ei bru skal få sluka milliardar av kroner frå samferdselsbudsjettet, meinte Netland.

– Eg har respekt for at de vil kjempa mot dette, men vi er forbi det punktet, svara fylkesordføraren.

– Kostandane for midtre og indre trasé var praktisk talt like.

– Båe vil vera krevande å byggje. I høve kommentaren din om teknologi så er det vårt land, og kanskje spesielt dette området som sit på den fremste kunnskapen.

– Det er bygd større og meir krevande installasjoner tidlegare, men kunnskapen har ikkje vore brukt i samferdselssammenheng tidlegare.

– At det blir store utfordringar er det ikkje lagt skjul på, la vegsjef Helge Eidsnes til.

Gåvepakke til Os

Ein som kanskje ikkje uventa var meir positivt innstilt var Gustav Bahus (Frp).

– Det er godt å sjå at vårt vedtak i kommunestyret om å skjerma skjergarden har blitt lytta til.

– I mine auge er tunell-løysingane ei gåvepakke til Os. Det vil gje Søre Neset tilbake til Søre Nesingane.

– Men korleis er det med parallelliteten i knytningane mot nabokommunane. Vil det ein ny fylkesveg til Fusa byggast samtidig?

– Ideelt sett så skulle ein gjerne ha løyst det samstundes, men det handlar om pengar, og vi står foran mange år med bygging.

– Samstundes skal dagens løysingar fungera, svara fylkesordføraren.

Ny reknemåte og fare for omkamp?

Leiar i folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden, Knut Borgesen, hadde fått med seg folkemøtet på Tysnes òg.

– Fylkesordføraren presenterte ei artikkel som synte 57 millionar i forteneste samfunnsmessig. Eikenes snakka om kjeda arbeidsmarknader.

– Er det kome endringar frå finansdepartementet på kva ein skal rekna inn. Dette har ikkje vore med i reknestykket tidlegare.

– På Tysnes sa fylkesordføraren også at no måtte vi stå samla og snakke positivt om prosjektet om vi møtte austlendingar, fordi vi må kjempe om pengene.

– Aust-Vest forbindelsen via Jondal vil vel vera meir interessant for austlendingen. Kva då når ein likesel austlending spør om å kutta ut brua.

– Er det ikkje fare for at eit så stort og omfattande prosjekt vil dra oss inn i evige omkamper omtrent som Svegatjørn - Rådal, undra Borgesen.

– Traseen er vald av regjeringa, no må vi bruke dei moglegheitene vi har for å få det til.

– Når det gjeld samfunnsøkonomiske analyser så er det nye prinsipper på veg inn. Men eg stoler no på dei fagmiljø som har rekna ut dette, svara Tom-Christer Nilsen.

Kva med omkøyringer?

Borgesen følgde opp med å stilla spørsmål om alternative løysinger.

– På ei bru kan det skje ulykker, ein båt kan køyre borti eit av festa og ein må kanskje stengja brua for å kontrollere skadene.

– Kva då med omkøyringsmoglegheitene?

– Trafikktryggleik og sikkerheit er eit nøkkelord, som vi tek særs alvorleg, repliserte Signe Eikeset.

– Brua skal tåle ein skipskollisjon.

– Når det gjeld risiko for storulykker så er nok tunellar ei større utfordring enn bru, men trafikktryggleiken er satt særs høgt i prosjektet, supplerte vegsjef Helge Eidsnes.

Skal ivareta våre interesser

Ordførar Terje Søviknes (Frp) oppsummerte debatten.

– Den kommane vinteren og våren kjem det høyring av planprogrammet. Då kan nokre av alternativa bli silt vekk.

– Så får vi ei ny høyring når den endeleg planen skal vedtakast våren 2016.

– Frå kommunen si side så kjem vi til å følgja dette tett både administrativ og politisk.

– Vi må gjera ein best mogleg jobb for å ivareta våre interesser.

– Det er ingen politiker i Os som vil stemma ja for ei dagløysing i Øyane, slo Søviknes fast.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.