Lågare folkevekst i 2012
Os kommune starta 2013 med berre 19 færre innbyggarar enn Stord. Folketalet veks fort i Os, men ikkje så fort som i 2011 og 2010.
Ved inngangen på 2012 var det 17.726 innbyggarar i Os. Med ei vekst i folketalet på over 500 innbyggarar i året dei to føregåande åra låg vi an til å passera 18.000 i løpet av 2012, noko vi gjorde i haust.
Les òg: No er vi 18.000
I dag la ssb.no ut folketal-statistikk for 2012 og folketalet ved inngangen på 2013. Den viser at vi ved årsskiftet var 5.051.300 busette i Noreg, 65.400 fleire enn ved førre årsskifte. Veksten var berre 160 mindre enn i rekordåret 2011.
Også i Os blei vi fleire, folketalet i kommunen auka med 416 i fjor og vi starta 2013 med 18.142 inbyggarar.
Dette er lågare vekst enn i 2011 (516) og 2010 (526), men høgare enn alle åra før, sett vekk frå 2007 (460).
Les òg: Låg folkevekst - godt sal
Tal for Os i 2012:
Fødde: 236
Døde: 99
Fødselsoverskot: 137
Innvandring: 151
Utvandring: 42
Innflytting, innalandsk: 937
Utflytting, innalandsk: 727
Nettoinnflytting, inkl. inn- og utvandring: 283
Dei mest folkerike kommunane i Hordaland 1.1.2013:
Bergen 267.950
Askøy 26.831
Fjell 23.277
Stord 18.161
Os 18.142
Lindås 14.820
Voss 14.061
Kvinnherad 13.305
Bømlo 11.638
Folketalet i Os (ved inngangen av året) dei siste 15 åra
(vekst same år i parantes)
1998: 13.572 (186)
1999: 13.758 (138)
2000: 13.896 (76)
2001: 13.972 (131)
2002: 14.103 (225)
2003: 14.328 (283)
2004: 14.611 (297)
2005: 14.908 (352)
2006: 15.260 (335)
2007: 15.595 (460)
2008: 16.055 (382)
2009: 16.437 (247)
2010: 16.684 (526)
2011: 17.210 (516)
2012: 17.726 (416)
2013: 18.142