Lokal | 01. nov. 2012

No er vi 18000!

1. november passerer truleg innbyggertalet i Os 18000. - Det har vore ei ønska vekst, smiler ordførar Terje Søviknes.

No er vi 18000!
I åra som kjem blir det truleg enno fleire som feirar 17. mai på Kyrkjeflaten enn det var i 2011 (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 01. nov. 2012 11:03

Då rådmannen la fram 2. tertialrapport i kommunestyret tysdag skreiv han mellomanna at vi per 1. juli var 17881 innbyggjarar og at vi truleg ville passere 18000 i løpet av hausten.

Detta trigga Midtsiden til å rekne på tala for å sjå om vi klarte å finne ut kva dag vi passerar 18000.

Ei enkel utrekning kor vi har sett på netto tilvekst frå 2002 og fram til 1.1.2012 syner at vi i snitt har vakse med 0,99 personar kvar dag. Om vi i tillegg tek med netto folkevekst første halvår i 2012 synk dette talet til 0,96.

Nyttar vi dette talet og tek utgangspunkt i dei 17881 som vi var 1. juli endar vi opp med 1. november 2012 som den gylden datoen.

Vi tek derfor sjansen på å slå fast at no er vi 18000 innbyggjarar i Os kommune.

- Det er ein milepæl vi passerar når vi no passerar enno ei tusen grense, seier ordførar Terje Søviknes (Frp).

Ei ønska vekst

Frå Terje Søviknes satte seg i ordførarstolen for første gong har kommunen vakse med omlag 5000 innbyggarar.

- Det er ein betydeleg og ønska vekst.

- I Os inspirerar-prosjektet har vi sagt at vi skal vera ei kommune med vekstkraft og evne til å fornya seg sjølv.

- Det har vi klart, slår ordføraren fast og peiker på Osbadet, Oseana og nytt hovudreinseanlegg for vatn som døme på gjennomførde prosjekt.

- I tillegg er store prosjekt som skulebruksplanen kor vi investerar omlag 300 millionar, OHARA og ny E-39 mellom Svegatjønn og Rådalen i gang eller med oppstart i nær framtid.

Ta var på kvarandre

Ordføraren nytter høve til å ønskje alle nye osingar velkommen til bygda.

- Samstundes håper eg at vi som bur her er åpne og tek i mot nye osingar på ein god måte slik at dei blir godt integrerte i nabolag, på skule og barnehagar og i det frivillige lagslivet.

- Det kan vera utfordrande å komma flyttande til ein ny plass, så vi må alle vise oss frå det gjestmilde sida, oppmodar Søviknes.

Folketalet i Os frå 2002 til juli 2012

Opplistinga viser antal innbyggarar per 1. januar kvart år og netto tilvekst det aktuelle året.

2002: 14103 - 225
2003: 14328 - 283
2004: 14611 - 297
2005: 14908 - 352
2006: 15260 - 335
2007: 15595 - 460
2008: 16055 - 382
2009: 16437 - 247
2010: 16684 - 526
2011: 17210 - 516
2012: 17726 - 107*
* per 1.7.2012

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.