Laga eige måleredskap
For å gjera målingane enklare har brannvesenet utvikla sin eigen målereiskap – og oppdaga eit litt merkeleg fenomen.
Onsdag morgon var brannvesenet i Hegglandsdalen for å kontrollera eitt av vatna på den kommunale lista, Tveitavatnet, som framleis ikkje har farbar is.
– Store delar av isen har overvatn med eit islag som er dekka med snø. Dette islaget kan ein trø gjennom. Isen under er ikkje farbar, rapporterer Os brann, beredskap og legevakt på facebooksida si.
Desse vatna er tidlegare klassifisert som vatn med farbar is (minst 15 cm tjukk): Gåsakilen, Banktjørno, Ulvenvatnet (Sørenden ved Moberg ok, nord for brua ikkje farbar), Langavatnet, Lekvenvatnet, Strønevatnet og Bjørnavatnet.
Forma nytt utstyr
Med på målinga hadde brannkonstablane med seg sin eigen, sjølvutvikla målestav.
– Det tek ein god del tid å måla isen. Vi tek alltid fleire prøvar, på ulike stader av vatnet, når vi er ute på kontroll. For å gjera det så effektivt som mogleg har vi utvikla denne, fortel Gitle Smaadal, leiar for redningsdykkarane i Os brannvesen.
Ved hjelp av ein vanleg drill, med eit litt langt bor, kan no brannvesenet bora mindre hol i isen når dei skal måla.
Den nye målereiskapen består av to rør av ulik dimenasjon, kor det inste er kopla til ei mothake. Når røret er tredd gjennom isen dreg ein berre i det tynnaste røret slik at mothaka kjem 90 gradar på røret og dermed stoppa når det blir løfta opp mot undersida av isen.
Ein heilt ordinær tommestokk er festa til det ytre røret og gjer at ein enkelt kan lesa av isen er trygg nok til å ferdast på.
Oppdaga «merkeleg» fenomen
Brannpersonellet har, sidan dei fekk ansvaret for ismålingane for éi veke sidan, oppdaga dei noko dei synest er litt rart.
– Når vi har kome tilbake til hol kor vi har målt isen tidlegare ser at det tidlegare måleholet har utvida seg. Det ligg eit lite tynt lag med is på toppen, men sjølve holet har blitt større, nokre av dei faktisk så store at ein bør vera aktsom om ein nærmar seg dei.
– I tillegg ser vi relativt store områder med overvatn rundt målehola i dagane etter. No når det i tillegg har kome snø som isolerer, så ser det ut til at det tek lengre tid før dette frys på att. Det gjer mellomanna at vi må bevege oss eit stykke unna tidlegare målingar når vi tar nye, forklarar Smaadal.
Loggfører alle målingar
For å skaffa seg erfaring og ha god kontroll på kor ein har målt og korleis isen er på dei ulike vatna blir alle målingar loggført med nøyaktig avmerking på kart.
– I tillegg merkar vi av kor på vatna det er bekke- og elvefar inn og ut. Vi har òg sett at dei plassane kor det er eit sund, ei innsnevring eller siv er isen tynnare. Dette er områder skøytegåarane bør halda seg unna, supplerer varabrannsjef Arne Monsen.