To nye vatn farbare
Brannvesenet har måndag målt isen på Lekvenvatnet og Bjørnavatnet til å vera farbare.
Mannskap frå brannvesenet var måndag ute og målte Lekvenvatnet, Bjørnavatnet og nordre del av Ulvenvatnet.
– Lekvenvatnet og Bjørnavatnet er nok vurdert som farbare vatn.
– Sidan det er såpass kaldt om dagen, så ser vi på dei som vi sa var farbare før helga til framleis å vera det, fortel varabrannsjef Arne Monsen.
Desse er trygge
Det betyr at desse vatna no er trygge i Os: Gåsakilen, Banktjørno, Ulvenvatnet (Sørenden ved Moberg ok, nord for brua ikkje farbar), Langavatnet, Lekvenvatnet, Strønevatnet og Bjørnavatnet.
– Ulvenvatnet nord er ikkje farbart. Der er det hol i isen fleire plassar.
– Vi har òg vurdert om vi skal måla Lepsøyvatnet og Tøsdalsvatnet, men kjem ikkje til å gjera det. Lepsøyvatnet er vurdert å vera for tidkrevande å skulle måla. Tøsdalsvatnet har såpass mykje bevegelse i seg at der er det sjelden trygt, avsluttar Monsen.