Kyrkjevalet: Resultatet for soknerådet
Berre 5 prosent nytta stemmeretten.
Mandag 11. september var det val for soknerådet. No er resultatet publisert med atterhald om godkjenning i valstyret.
Endeleg resultat vil føreligge innan 22. september, står det på kirken.no.
Slik blir det nye soknerådet
- Grethe-Inger Berge, pensjonert lærar, Nore Neset (f. 1953)
- Per Gunnar Lunde Oseng, avdelingsleiar, Lekven (f. 1984)
- Christine Westgaard Lund Halland, lærar, Haugland (f. 1973)
- Karl Ole Midtbø, pensjonert dirigent/gen.sekr., Os (f. 1955)
- Tone Steinsund Hagevik, klinisk sosionom, Nore Neset (f. 1980)
- Jon Håkon Øen, rådgjevar, Nore Neset (f. 1973)
- Olav Emil Tennefoss Vatshelle, student og yrkessjåfør, Hegglandsdalen (f. 1988)
- Espen Harald Haga, IT-konsulent, Halhjem (f. 1975)
Varamedlemmar:
- Malin Nøss Vangsnes-Weaver, dansekunstnar/produsent, Os (f. 1987)
- Inger Jonette Indset Botnevik, pensjonert lærar, Os (f. 1956)
- Frode Qvale, lektor, Os (f. 1969)
- Birk Eiken Lunde, konsulent, Søre Øyane (f. 1999)
- Arild Saltskår Jentoft, pilot, Søre Neset (f. 1964)
Færre stemmer i år enn tidlegare
Nytt frå i år var at kyrkjevalet og kommunevalet ikkje delte same lokale.
Monica Refsdahl, konsulent for Os sokn, trur det kan ha samanheng med nedgong i stemmene.
– Frå valet i 2019 var vi på over 1000 stemmer, i år er vi nede i 597, det utgjer berre 5 % av dei med stemmerett, fortel Refsdahl.
I år var det for første gang mulig å stemma digitalt.
– Eg trur likevel at dei fleste stemmene til kyrskjevalet ved førre val kom inn saman med stemmene frå dei som stemte til kommunestyrevalet på valdagen.
– Men i år var det regn og surt, og då er det grensa for kor mange gongar folk orkar å gå inn og ut av bil til to ulike lokale, seier Refsdahl.
Ho fortel vidare at dei var meir ute i krinsane før, men i år var det færre lokale.