Søviknes og Bruarøy einige om ordførarstolen
Har inngått intensjonsavtale i dag.
FrP og Høgre, som til saman fekk 19 (13+6) mandat i kommunestyret etter valet, har i dag inngått intensjonsavtale om samarbeid for valperioden 2023-27, opplyser partia i ei pressemelding i kveld.
Partane vil utarbeida ei felles politisk plattform for leiing og styring av Bjørnafjorden kommune.
Dei er allereie no samde om følgjande premiss for samarbeidet; Terje Søviknes (FrP) blir ordførar, Marie Lunde Bruarøy (H) blir varaordførar.
I formannskap, plan- og bygningsutval og tenesteutval får FrP 3 medlemmar og Høgre 2 medlemmar.
Frp og Høgre hadde ordførar og varaordførar samanhengande dei siste 20 åra i Os før samanslåing med Fusa, men fekk 17 av 18 mandat i nye Bjørnafjorden kommune i valet 2019.