Politi | 03. jan. 2024

Kvinne ramla då buss bremsa

Legevakt og ambulanse rykte ut.

Kvinne ramla då buss bremsa
Uhellet skjedde mens bussen køyrde på Byvegen. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. jan. 2024 08:27

Tysdag ettermiddag rundt klokka 15.50 fekk politiet melding om ulykke om bord på ein buss som køyrde på Byvegen.

– Ei kvinne i 70-åra ramla då bussen bremsa, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Lege, ambulanse og politi rykte ut.

– Kvinna blei tatt hand om av helsepersonell. Vi tok avhøyr av sjåfør og vitne, og har oppretta sak.

Det er ikkje tatt førarkortbeslag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.