Brann og beredskap | 01. jan. 2024

Brannvesenet med to utrykningar i natt

– Begge stadar løyste det seg greit.

Brannvesenet med to utrykningar i natt
Fyrverkeri over Kuvågvegen i natt. Der blei det ikkje behov for blålys. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 01. jan. 2024 10:39

Nyttårsfeiringa i Os har, som for eit år sidan, gått av stabelen utan dei store hendingane for brannvesenet.

I 00.25-tida fekk dei melding om brann i bildekk på ein leikeplass i eit nabolag litt utanfor Os sentrum.

– Nokon hadde brukt bildekk til å støtta opp om fyrverkeri, og så hadde dekka byrja å ulma eller brenna. Men branntillaupet blei raskt slått ned, fortel leiar ved brannførebyggande avdeling, Arne Rødberg, frå Bjørnafjorden brann og redning.

Kort tid etterpå fekk brannvesenet melding brann i eit bosspann i Os sentrum.

– Det var snakk om at nokon hadde kasta stjerneskot i bosspannet. Vi svingte nedom sentrum, men då hadde brannen i bosspannet anten blitt sløkt av andre eller brent ut av seg sjølv.

Måndag morgon fekk brannvesenet melding om mogleg steinsprang i Søvikvegen.

– Det var snakk om nokre små steinar. Vi køyrde ut for å sjekka området, men fann ikkje noko som var til hinder for trafikk. Det er mogleg at andre har vore og rydda vekk dei steinane som hadde rast ut.

Andre stadar i bergensområdet har brannvesenet hatt meir å stri med.

I Øygarden har det vore brann i terreng, på Askøy har det vore brann i terreng ved ein terrasse, i Blomsterdalen har ein garasje brent ned og i Alver er ein einebustad totalskadd i brann.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.