Lokal | 02. jan. 2020

Hærverk med fyrverkeri og førarkortbeslag etter kollisjon

Svidde hol i kunstgrasbane, sette fyr på Fretex-konteinar og sladda gjennom rundkøyring og inn i ein annan bil.

Hærverk med fyrverkeri og førarkortbeslag etter kollisjon
Ein ung bilførar mista lappen etter kollisjon i rundkøyringa ved Uno X søndag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. jan. 2020 11:13

Ved sidan av den mistenkt påsette brannen nyttårsaftan, har politiet hatt fleire forhold som handlar om fyrverkeri, festing og trafikk å ta hand om dei siste dagane.

Søndag i 15.20-tida kom det melding om kollisjon i rundkøyringa mellom Byvegen og Industrivegen, ved Meny og Uno X.

– Ein bil i rundkøyringa blei påkøyrd bakfrå. Tre personar var involvert, ingen blei skadd, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Førar av bilen som køyrde fremst forklarte at den andre bilen kom sladdande inn i rundkøyringa. Vedkomande sjåfør, ein gut som fekk førarkort i fjor, erkjente å ha halde 60 km/t inn i rundkøyringa, og samtykka i førarkortbeslag.

Klokka 12.44 dagen etter fekk dei melding om svært vinglete køyring på Røykenes retning Os. Bilen blei stoppa på veg til Halhjem. Førar var edru.

Hærverk med fyrverkeri

I 21.50-tida vesle nyttårsaftan, eit døgn for tidleg, fekk politiet melding om ungdomar som brukte fyrverkeri nær Os sentrum. Dei var vekke då politiet kom til staden.

På kvelden nyttårsaftan kom det melding om brann i ein Fretex-konteinar i Halhjemsmarka. Tre ungdomar som såg ut til å vera i 14-15-årsalderen blei observert av turgåar i samband med brannen, og brannvesenet fann fyrverkeri av typen «Golden Fontain» ved konteinaren.

Frå Nore Neset kom det melding om oppskyting av fyrverkeri frå ein av fotballbanane, som skal ha fått svimerke fleire stadar.

Feststøy og rusa fiskarar

Måndag klokka 11.47 fekk politiet melding om ein som sto og fiska ved Hatvik ferjekai, som såg ut til å vera svært full og til fare for seg sjølv. Han var vekke då politiet kom til staden.

Vesle nyttårsaftan i 23-tida fekk politiet melding om ein full og utagerande gut på fest. Politiet møtte han på legevakta. Hadde han vore myndig, ville turen gått vidare til overnattingi arresten, men han fekk i staden bli med mora heim.

Nyttårsaftan skal politiet ha fått melding om støy frå fleire private festar, blant anna på Nore Neset og vest for Os sentrum.

Den siste var litt over klokka 5 om morgonen, i Os vest, der ein ung huseigar fekk beskjed om å avslutta festen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.