Lokal | 02. jan. 2020

Mistenkte etter brann sit framleis fengsla

Politiet stadfestar mistanke om trugslar før brannen.

Mistenkte etter brann sit framleis fengsla
Det var politiet som oppdaga den røykfylte bustaden. Her i samtale med kvinna som bur i huset. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. jan. 2020 10:16

Bildeserie:

Brannvesenet kom raskt til staden. (Foto: KVB)
Brannvesenet kom raskt til staden. (Foto: KVB)
Brannen blei sløkt, men husværet er fylt med sot. (Foto: KVB)
Brannen blei sløkt, men husværet er fylt med sot. (Foto: KVB)
Varabrannsjef Walden og innsatsleiar Skeie. (Foto: KVB)
Varabrannsjef Walden og innsatsleiar Skeie. (Foto: KVB)
1 av 3

Nyttårsaftan i 22.45-tida rykte brannvesen og ambulanse ut på melding om brann i ein leilegheit i Prestegardsskogen.

Det var ein politipatrulje som oppdaga at husværet var fylt med røyk.

– I det røykdykkarane våre tok seg inn, blei brannen tent, men vi fekk sløkt den raskt, sa varabrannsjef Erik Walden.

Det var ingen i bustaden då det byrja å brenna. Ingen blei skadd, men nokre nabohus blei evakuerte.

– Hadde vi kome nokre få minutt seinare ville både denne leilegheiten og nabohus stått i fare.

Husværet var fylt med sot og er framleis ikkje eigna å bu i.

Mann pågripen

Politiet mistenkte raskt brannen for å vera påsett, hundepatrulje blei tilkalla.

– Vi hadde eit namn å gå etter, og mistenkte blei funnen etter kort tid, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Han blei ikkje funnen heime hos seg sjølv, men på ei anna adresse.

Vedkomande er ein mann i midten av 20-åra.

– Stemmer at det vedkomande tidlegare på dagen kom med trugslar mot kvinna som bur i huset?

– Vi har mistanke om det, ja.

Mistenkte sit framleis i arresten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.