Kven skaper liv på Øyro?
Kommentar: Kven sitt ansvar er det å skapa liv på Øyro? Kommunen? Butikkane, restaurantene og dei andre næringsdrivande? Eller er det kanskje deg og meg?
Svaret på det innleiande spørsmålet om kven sitt ansvar det er å skapa liv på Øyro er Ole Brum sitt klassiske svar «Ja takk, begge deler», eller i dette tilfellet; alle tre.
Ja, kommunen har etter mi meining eit ansvar for å bidra med å skape liv. Det ansvaret har dei til ein viss grad tatt gjennom prosjektet «Liv på Øyro». Det blir fint i sentrum, når gatene og fasader får ei oppgradering med tak over fortaua osv, men kommunen kan gjera meir.
I alle fall sett i lys av at sentrumsforeninga snart står utan ein dagleg leiar. Ordførar Terje Søviknes (Frp) hinta litt i førre formannskap om at kommunen kanskje kunne vera med på litt meir.
Det er det ingenting å lura på. Bruk noko av overskotet frå i fjor til å tilsetja ein kommunal arrangementssjef. Den må nok subsidierast i starten, men gjer ein dei rette tinga, kan denne fort bli sjølvfinansierande om nokre år.
Stillinga kan få i oppgåve ikkje berre å sørgja for at «Liv på Øyro» blir fylt med innhald, men òg vera ein «event-manager» for arrangement som Tour des Fjords, Kystsogedagane, Bryggedansen eller andre arrangement som dukkar opp i framtida. Kanskje den til òg med kan sjå moglegheiter i dei mange flotte friluftsområda vi har i bygda, som igjen kan/vil dra folk til bygda og sentrum.
Ja, sjølvsagt har næringslivet i sentrum eit ansvar. Dei er trass alt dei som vil tene mest på at det blir meir folk på Øyro. Då held det ikkje å berre snu arket og gjera det same som ein alltid har gjort.
Mi oppfordring til dykk som driv verksemder i sentrum er klar. De må vera meir frampå, vise at de får med dykk det som skjer i bygda og by på dykk sjølv. Eg seier ikkje at de skal kasta pengar ut av vindauget, men kanskje de skal bruka vindauga til å visa at de er vakne og med.
Ta til dømes når Tour des Fjords kjem i august. Eg er viss på at de har ein gamal sykkel ståande som de kan bruka som dekorasjon saman med ein plakat, det er ikkje nødvendigvis så mykje som skal til for å vise at de er på hugget. Tilsvarande kan de gjera under Osfest, Bendit-cup på Kuventræ, Korfestivalen eller tilsvarande.
De må vera med! Det er berre fantasien som set grenser.
Ja, du og eg har òg eit ansvar. Like sjølvsagt som at kommunen og næringslivet har eit ansvar, så har du òg eg det. Vi kan ikkje berre gå og klaga på at ingenting skjer eller blir gjort.
Éin ting er at vi stiller når sentrumsforeninga, kommunen eller andre skipar til marknadsdager eller arrangement på Øyro, men kan vi bidra litt ekstra?
Ja, definitivt. Vi kan bruke dei tilboda som finnst, både i sentrum og ellers i bygda. Vi kan framsnakke båda bygda og tilbodet vi finn i bygda. Og vi kan stille når vi blir invitert med. Eg veit at lag og organisasjoner har blitt spurt om dei vil stille på arrangement med stands for å presentere seg og sin aktivitet, men responsen har vore heller laber. Det er det enkelt å gjera noko med.
Folk skaper liv, så enkelt er det. Og det har vi alle, både kommune, næringsliv og innbyggarar eit ansvar for å vera med på å skapa.