Kveldsope gav meirsmak
Medan kokken Lukasz skiftar kjøkken har Kafé Engeline plan om å re-lansera restaurant-tilbodet på kveldstid.
Kafé Engeline, som opna i Os sentrum i mai 2011, fekk ny vind i seglet då dei i haust utvida med gourmet-tilbod på kveldstid.
Les òg: Fullbooka
– Det var både spennande og kjekt å utvida kafétilbodet med restaurant på kveldstid i helgene, synes Borghild Strønen.
– Magisk stemning
Borghild eig kafeen saman med søstera Dagrun Fjellbakk. Med kokken Lukasz Brekke på plass på kveldstid fekk Os eit nytt og svært smakrikt mattilbod.
– Vi hadde mange gjestar og veldig hyggelege gjestar, det blei ei nesten magisk stemning desse helgene.
– For oss var det hyggeleg med ekstra merksemd til kafeen, for Lukasz og kokkane han hadde med trur eg det har vore ei kjekk erfaring.
Vil ha ny kokk og ny meny
For ei dryg veke sidan bestemte Lukasz seg for å overta Ole B-stuene saman med hobbykokk Frank Bruarøy.
Les òg: Lukasz og Frank overtar Ole B
Kafé Engeline vil halda fram med restaurant-tilbod på kveldstid, men i ei litt anna form.
– Kjøkkenet vårt er nok ikkje stort nok til den type gourmet-tilbud som Lukasz la opp til. Vi vil starta opp igjen med restaurant, i utgangspunktet fredag og laurdag kveld, men med ein litt annan type meny.
Biff og god vin
Borghild og Dagrun vil no ha tak i ny kokk og saman med vedkomande setja opp ein meny med blant anna gode biff-rettar.
– Vi vil gjera det litt enklare, men samtidig halda høg kvalitet. Vi ønskjer også å bli god på vin og øl, med eit auka handlukka utval av spennande vinar og spesielle øl-sortar, gjerne frå mikro-bryggeri.
Nyopning etter påske
Engeline-søstrene er så vidt i gang ed planlegginga av ny-opning, som truleg også vil innehalda oppgradering av både interiør og eksteriør.
– Vi ser føre oss å ha ei ny-opning ein gong etter påske.
– Medan vi legg planar saman med huseigar og ny kokk, når vi får kontakt med den rette, held vi naturlegvis kafeen open på dagtid.
– Søndagsope, som vi starta med i november, har vi halde fram med. Besøket har variert mykje, men ein del søndagar serverer vi veldig mykje middag, så vi er framleis open kvar søndag og no medan vi planlegger nytt restauranttilbod på kveldstid.