Fullbooka
To av dei tre første kveldane på Engeline er fullbooka. I går var det testing av menyen, torsdag kveld opnar Restaurant Engeline med årets Salma-Chef som gjestekokk.
Kafe Engeline utvidar med gourmetrestaurant i helgene, eit konsept som blir lansert torsdag.
Les og: Romantisk og smakfullt
- Responsen no i forkant har vore fantastisk, seier kokken Lukasz Brekke.
Både opningskvelden og fredag er fullbooka, og laurdag kveld er berre 6 av 25 plassar ledige (status tysdag kveld).
Med gjestekokk
Dei som har sikra seg bord til opningshelga kan sjå fram til både dei profesjonelle sine kokekunstar og til gjestekokken, årets Salma-chef Frank Bruarøy og hans vinnarrett.
Les og: Kåra til årets Salma-Chef
- Eg blei kjent med Lukasz etter at eg las om at han skulle i praksis på verdas beste restaurant, Noma. Lukasz skaffa oss bord og vi tok turen til Noma. I etterkant blei vi betre kjent.
- Han har lært meg veldig mykje, blant anna om råvarer og behandling av desse, og vi har kokt saman i fleire samanhengar, fortel Frank.
Vinnarretten står på matkartet opningshelga.
Nagell Dahl fekk smaka
Tysdag kveld fekk Lukasz og kokkekompanjong Christer Stenhaug testa 6-rettarsmenyen på ei handfull inviterte gjestar.
Blant dei var matattaché i Hordaland fylkeskommune, osingen Gunnar Nagell Dahl.
- Dei legg opp til noko som eg trur er etterlengta i Os. Og dei innfrir.
- Eg var nyleg i Købehavn og åt på ein restaurant med stjerne i Michelinguiden. Restauranten hadde ei langt meir formell atmosfære, bortsett frå det kan dei fint samanliknast, meiner Nagell Dahl.
- For at dette skal fungera trur eg det blir viktig å ha ein liten meny, ikkje prøva å kunna tilby alt. Samtidig er det ein fordel om dei klarer det dei prøver på, å skapa ein kultur for bordbestillingar, då er der lettare å planlegga drifta godt, noko som kjem både kokkane og gjestane til gode.