Kvalifiserte seg til EM
Anna Bjørke Kallestad skåra i alle kampane då Noreg sitt juniorlandslag vann tre av tre, alle med minst 10 mål, i Litauen i helga.
Det er tre år sidan handballtalentet Anna Bjørke Kallestad, som fyller 19 år i mai, blei tatt ut på aldersbestemt landslag for første gong.
Sidan har ho blant anna spelt ungdoms-OL i Nederland og VM i Makedonia.
– Vi gjorde det skuffande dårleg i VM i fjor. Men vi er betre no og eg trur vi kjem til å klara oss langt betre i Valencia, seier Anna om europameisterskapen som går i Spania i slutten av juli.
I helga spelte Anna og resten av Noreg sitt juniorlandslag kvalifiseringsturnering i Litauen.
– Cirka halve laget er min årgang, 96-modellar, resten er fødd i 1997. Vi har vore mykje på tur saman og har det veldig kjekt i lag, fortel Anna, som no speler for bergenslaget Viking TIF i 1. divisjon.
Knuste all motstand
Kvalifiseringshelga starta med 29-18-siger over Tsjekkia fredag.
Laurdag venta vertsnasjonen Litauen, som Noreg slo 30-20, søndag vann dei med 29 (!) over Færøane. Kampen enda 16-45 til Noreg.
– Eg spelte berre ti minutt av den første kampen, men i begge dei neste spelte eg mykje, fortel Anna, som skåra to mål i to av kampane og fem mål mot Færøyane.
Førebuing og russetid
Anna fortel om god førebuing til EM-kvalifiseringa og teikn på betre form enn i fjor.
– Vi var ei veke på treningsleir i Romania, og spelte tre kampar mot juniorlandslaget deira, dei som vann VM i fjor.
Kampane enda med tap, men to av dei berre med eitt mål.
Men dei første vekene etter kvalifiseringa i helga som var blir ikkje fullt like spreke for Anna, som går på toppidrettsgymnas på Tertnes.
– Russetida startar neste veke og eg har fått lov til å bli med på feiringa, også til å reisa til landstreffet i Kongeparken.
– Det er kjekt at handballsesongen klaffar såpass greit med russefeiringa, men det blir nok ikkje fullt så mykje festing på meg som enkelte andre legg opp til, seier handballtalentet og ler.
På handball.no kan du lesa detaljar om alle kvalifiseringskampane.