Anna til Frankrike
Os-spelar Anna Bjørke Kallestad er tatt ut på jentelandslaget si første turnering. Kampane blir spelt i Marseille, Frankrike.
Handballgruppa til Os Turn har dei siste åra fostra fleire aldersbestemte landslagsspelarar.
Først ut var Emilie Christensen som saman med 92-landslaget tok VM-sølv i 2010. Deretter har keepertalentet Eva Kristiansen vore med på fleire samlinger og turneringer, førebels toppa med ungdoms-OL i Tyrkia i fjor sommar.
Siste skot på landslagsstamma frå Os er 16 år gamle Anna Bjørke Kallestad, som no er tatt ut til jentelandslaget (jenter fødd 1996/97) si første turnering i Marseille i Frankrike.
Den venstrehendte høgrebacken var i april på samling saman med 23 andre handballtalent i Larvik. No har troppen blitt skrenka inn til 18 og Bjørke Kallestad er ei av jentene som skal få bryna seg mot Nederland, Tyskland og Frankrike første helga i juli.
Klar for A-laget
Det venstrehendte talentet er tatt opp i A-troppen til damelaget til Os og vil frå hausten av kunna bli å sjå på parketten i Oshallen når handballdamene tar imot motstandarane i 2. divisjon til oppgjer.
- Anna er ein fantastisk treningsvillig spelar som det er utroleg kjekt å jobbe med, seier Os-trenar Erlend Lyssand.
- Den største utfordringa er eigentleg å halda ho igjen, slik at det ikkje blir for mykje.
- At ho kjem til å gå inn og styrae damelaget er eg ikkje i tvil om, avsluttar Lyssand.