Kurt + Eirik = Sant
Då er det stadfesta. Eirik Søfteland speler med Kurt Nilsen, Åge Aleksandersen og Magnus Grønneberg i Bergen 16. mai.
Før helga skreiv Midtsiden om at Kurt Nilsen ville ha med seg ein av Idol-deltakerane når han held konserten "Kurt med venner" på Plenen på Bergenshus festning 16. mai.
– Eg håpar det blir Eirik, sa Frank Nes i Bergen Live då.
– No blir det folkevandring frå Os til Bergen. Eirik Søfteland er den tredje artisten vi offentleggjer til konserten, fortel Nes på telefon måndag morgon.
Frå før er det kjend at rocke-leganda Åge Aleksandersen og CC Cowboys-sjef Magnus Grønneberg er blant venene.
Invitert på direkten
Under Idol-sendinga fredag inviterte Kurt Nilsen like greitt båe dei to finalistane til konserten.
Då vi snakka med Eirik rett etter finalen, var han klar.
– Sjølvsagt takkar eg ja, smilte Noregs nye rockestjerne, men den endeleg stadfestinga kom først måndag.
– Det kjem til å bli ein storslått fest for å feire Kurt sine 10 år som artist med gjestar og overraskingar, lovar Frank Nes.
Konsertstart er satt til klokka 21.00 slik at folk kan få med seg at Brann gruser Aalesund på stadioen først.