Eirik + Kurt 16. mai?
Torsdag 16. mai speler "Kurt Nilsen & venner", blant andre Åge Aleksandersen og Magnus Grønneberg, i Bergen. No kan det sjå ut som om Eirik Søfteland blir med på scenen.
Torsdag 16 mai 2013 er det 10 år siden Kurt Nilsen vann Idol og World Idol. Seinare har han blitt blant Noregs største artistar, med eit platesal på over 800.000.
Torsdag 16. mai feirer Kurt, som også er i juryen i årets Idol, 10 år som artist med konsert på Plenen på Bergenhus Festning.
I dag blei det kjent at Åge Aleksandersen og CC Cowboys-sjef og Kurt sin "Hver gang vi møtes"-kollega Magnus Grønneberg, er blant venane han har med seg på scenen.
I tillegg fortel arrangør Bergen Live at Kurt også tar med seg "en av årets Idol-finalister".
Håper på Eirik
– Sidan det ikkje står vinnaren, som skal kårast i kveld, betyr dette at det allereie er bestemt kven Kurt har med seg, Siri V. Jensen eller Eirik Søfteland?
– Det veit eg rett og slett ikkje, dette er det Kurt som bestemmer, seier Frank Nes frå Bergen Live til Midtsiden.
– Men eg må innrømma at eg håper det er Eirik, at han vinn i kveld og blir med Kurt til Bergenhus, det ville vore ein draum. Eirik er jo ein fantastisk flink og fin type, seier Bergen Live-sjefen.
Det er framleis mogleg å sikra seg billettar til konserten, som har start klokka 21.00 så alle kan rekka å sjå Brann slå Ålesund på Stadion før konsertstart.