Kulturskulen held show, utstilling og auksjon
Rundt 150 av skulen sine 500 elevar er involvert i Oseana i kveld.
I dag er det «vårframsyning» - show med song, musikk og dans av Bjørnafjorden kulturskule i Oseana.
Dette er første store framsyning sidan juni i fjor.
– Rundt 120 elevar deltar, fortel rektor Christian Breistein.
– I tillegg har 23 elevar frå klassane med visuelle kunsfag laga ei utstilling.
Utstillinga er montert i foajeen, og blir hengande der til 18. april.
Eitt av verka er eit fellesarbeid som har gått frå elev til elev, og som skal auksjonerast vekk.
– Salssummen blir donert til Redd Barna for å støtta deira arbeid i Ukraina, fortel lærar Inga Søreide, lærar i visuelle kunstfag.
– Interesserte kan koma med bod direkte til meg, anten i kveld eller seinare, fram til 18. april. Høgaste bod blir publisert og oppdatert på kulturskulen si side på Facebook.
Nytt fag får vist seg fram
I Oseanasalen får publikum sjå elevane spela ei rekkje instrument, synga og dansa.
I skrivande stund er rundt 3/4 av dei 500 billettane selte.
– Også elevane frå faget «musikkteknologi» deltar. Faget var nytt i fjor, så dette er deira debut på kulturskule-framsyning, seier Breistein.
Skulen har rundt 490 elevar. Nokre av dei deltar i fleire fag eller instrument, og i alt 630 elevplassar er i bruk.
– Vi fekk ein liten nedgang det første pandemiåret, skuleåret 2020-2021, men er no tilbake på same høge deltaking som før.
I april blir grunnlaget for neste skuleår danna, søknadsfristen er 1. mai.