– Slik berre barn og unge kan!
Bjørnafjorden kulturskule og Bergen kulturskole inviterer til utstilling.
«Nøkkelen vris om, dørene vert opna og du kan tre inn i ei verd av fargar, former, strek, leik og fantasi.»
Slik blir den nye utstillinga, «Nøkkelen til min verden» i Griegsamlinga i Oseana Kunst & Kultursenter presentert.
– I ei vanskeleg tid der kulturopplevingar nesten har blitt borte grunna Koronapandemien, er det ekstra stas at Bjørnafjorden kulturskule og Bergen kulturskole inviterer til utstilling.
– Nærare 280 elevar frå visuelle kunstfag skal vise sine arbeider i det praktfulle utstillingslokale Griegsamlingen i Oseana Kunst & Kultursenter.
Publikum kan oppleva eit mangfald av kunstneriske uttrykk innan skulptur, grafikk, teikning, maling, dokumentarfilm,installajon, animasjon og keramikk.
– Ei utstilling presentert med humor og alvor, snert og dybde, ferdighet og talent slik berre barn og unge kan!
Utvidar Tørresen
Kurator ved Oseana, Evelyn Holm, fortel at i tillegg til utstillinga som opnar på laurdag, er Harald Tørresen si utstilling «Arv og miljø» utvida til å stå fram til 4. april. Denne utstillinga finn du i Hvelvet i Oseana.
Vil du ha med deg endå meir kunst denne helga opnar Reinard Haverkamp si utstilling «CON MOTO» på Vedholmen Galleri laurdag.
«Nøkkelen til min verden» kan du sjå i Oseana fram til 4. april.