Politi | 24. juli 2024

Køyrde farleg gods - blir meldt til politiet

Statens vegvesen fann ulike ting å reagera på i går.

Køyrde farleg gods - blir meldt til politiet
Vegvesenet var på plass ved Svegatjørn igjen i går. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. juli 2024 08:02

Statens vegvesen hadde trafikkontroll på kontrollplassen ved Svegatjørn og E39 tysdag.

– Éin førar blir meldt til politiet grunna manglar ved ADR (transport av farleg gods), opplyser John Kåre Larsen frå Statens vegvesen.

Det blei samtidig gitt bruksforbod til køyretøyet.

11 førarar blei kontrollert for køyre- og kviletid. 4 av desse fekk til saman 8 åtvaringar. I tillegg blei eitt firma sendt til foretakskontroll for meir grundig sjekk.

Det blei gitt til saman fire tekniske manglar for feil med lys, skade på spegl, lause boltar og utgått kalibrering av brannsløkkar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.