Kontrollerte utanlandsk sjåfør og sykkel med hengar
– Kan ikkje knyttast til innbrot.
![Kontrollerte utanlandsk sjåfør og sykkel med hengar](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/3eb7d4bf68a7db4b98231aa58219ac8a26cebd2c-1140x760.jpg?q=85&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
![Kjetil Vasby Bruarøy](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/d394ce3033ee74f1b7563efe62438c9efc71d8ce-1140x760.jpg?rect=490%2C160%2C564%2C387&q=75&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
Tysdag morgon fekk politiet melding om ein funnen hund på Søfteland. Hunden hadde halsband, meldar ville prøva å få tak i eigar.
Natt til onsdag fekk politiet tips om ein mistenkeleg bilførar. Det viste seg at bilen var meldt stolen for tre dagar sidan.
Tysdag formiddag i 09.30-tida kontrollerte politiet eit køyretøy i Industrivegen.
Førar, ein mann i slutten av 30-åra, kunne ikkje framvisa gyldig førarkort.
– Han sa han har førarkort i heimlandet sitt, men det kunne han ikkje visa dokumentasjon på, så vi har oppretta sak, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.
På morgonen onsdag, i 06.20-tida, fekk politiet melding om to menn ved Plantasjen som framsto som mistenkelege.
Ein patrulje rykte ut og møtte éin av dei to. Vedkomande, ein mann i slutten av 30-åra, hadde sykkel med hengar. I hengaren låg ein del gods.
– Vi har òg vore i kontakt med leiinga i Plantasjen. Det er ikkje mistanke om innbrot eller tjuveri, men det blei tatt bilde av godset som låg i hengaren.