Fekk tips om einsam hjortekalv
Ved sidan av tre reaksjonar i trafikken, fekk politiet melding om eit dyr som kanskje har mista mora si.
Måndag i 15-tida fekk politiet melding om ein hjortekalv på Bjånes.
– Den skal ha gått der åleine i to dagar, det er mogleg at den har mista mora si, opplyset politioverbetjent Anne Lyssand.
Kalven skal ha vore så ung at den framleis hadde «bambiflekkar». Viltkontakt blei varsla.
– Når kalvar kjem vekk frå mor kan dei få problem med å klara seg gjennom vinteren, seier viltkontakt Hans Marius Eide.
– Eg var innom utan å sjå den, men fekk snakka med meldar, som viste meg video av kalven. Den såg ung ut, og er nok fødd seint på året. Men den var ikkje svak eller døande, så vi får følgja med. Eg vil tipsa laget som jaktar i området.
Eide fortel òg om ei hjortepåkøyrsle på Byvegen mellom Hetleflåten og Søfteland søndag.
– Det var om lag same stad som sist, men midt på dagen. Eg var ikkje ute på den sjølv, det var nokre andre som tok jobben. Hjorten blei stygt skadd, og skal ha lagt på bakken med tre knekte bein.
Tre reaksjonar i trafikken
Klokka 16.20 rykte politiet ut på melding om eit trafikkuhell i garasjeanlegget på AMFI Os.
Ingen personar blei skadd då ein gut i tenåra køyrde inn i ei søyle så airbag blei løyst ut. Det er ikkje mistanke om promille, men sak er oppretta.
Klokka 22.50 i går kontrollerte politiet ein motorsykkel som dei stoppa på Hegglandsdalsvegen.
– Sykkelen hadde feil vinkel på skiltet. Førar, ein gut i tenåra, fekk åtvaring og beskjed om å utbetra dette snarast.
Litt over klokka 23 stoppa politiet i bilførar i tenåra.
– Han hadde svarte nasjonalitetsmerke på kjennemerket sitt. Førar fekk beskjed om å fjerna desse.