Konservativt tør der andre teier
DEBATT: Den grønne bobleøkonomien - og den grådige pengemølla bak.
Vi i Konservativt Bjørnafjorden vil setja lys på område i samfunnet som andre parti vegrar seg for å snakka om.
For eksempel Vindkraft til havs, energiprisar som går til himmels, det grøne skiftet, mat-tryggleik, forsvar, Israel, rosa kompetanse i skule og integrering og innvandring - for å nemna nokre.
I valkampen spurde vi kva dei store partia ville gjera med at kommunen vår er delt i to, skiljet mellom NO2 og NO5 går midt i fjorden, og innbyggarane har ulike straumprisar.
Ingen våga å svara.
Men å legga ein sjøkabel midt i den same fjorden kan dei få til. Eit meiningslaus tiltak som ikkje tener verken innbyggarar eller næringsliv i Norge, men snarare vil skru straumprisen opp og gi industrien mindre tilgang på straum.
Nokon må våga å stilla kritiske spørsmål.
Derfor vil Konservativt Bjørnafjorden arrangera temakveldar der desse tema blir tatt opp.
Det første møtet går av stabelen torsdag denne veka, i Credokirken i Bergen.
Der vil Kent Andersen halda fordraget «DEN GRØNNE BOBLEØKONOMIEN - og den grådige pengemølla bak».
Kent Andersen er journalist i Document.no. Han har forfatta fleire bøker om emnet, og deltar i debattar omkring tema.
Alle er velkomne. Konservativt Bjørnafjorden ønskjer spesielt å invitera ordførar Terje Søviknes og varaordførar Marie Lunde Bruarøy til møtet.
Rune Samnøy
Konservativt Bjørnafjorden