Samferdsle | 24. okt. 2023

Kom med tips til barnehageforeldre og vgs-elevar

– Ikkje ha tjukk jakke på born i bil.

Kom med tips til barnehageforeldre og vgs-elevar
På kontroll i Gymnasvegen. (Foto: Staten vegvesen)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnestysdag 24. okt. 2023 11:43

Torsdag i førre veke var refleksdagen.

Statens vegvesen starta dagen tidleg med å dela ut refleksar ved ein barnehage og vidaregåande skule.

– Det er viktig å bli sett i haustmørket. Ved å bruka refleks er du med på å gjera deg synleg, seier Lars Harald Drange i ei pressemelding.

Saman med refleksutdelinga ved barnehagen blei det sjekka sikring av born i bil.

Drange opplyser at dei fleste hadde sikra borna riktig, men at det òg var forbetringspotensial. Det som er viktig er at beltesikringa i barnestol blir brukt på rett måte.

– Ikkje ha på tjukk jakke på born i bil. Det gjer at funksjonen til beltet ikkje blir som tiltenkt, fortel Drange.

Nokre av borna hadde dradd beltet ned frå skuldrene og éin hadde lagt beltet bak ryggen.

Rettleing for unge MC-førarar

Vegvesenet var innom på Os vidaregåande skule for rettleing i temaet lett motorsykkel.

Her var det samla full kantine med elevar som fikk ein gjennomgang i regelverk og gode eksempel på kva som er lov og ikkje når det gjeld endring av motorsykkel.

Foto: Statens vegvesen.
Foto: Statens vegvesen.

Drange meiner det er viktig å informera, ikkje berre kontrollera.

– Det har vore trendar i MC-miljøet med mykje støy, feile speil, kjennemerker som er vinkla opp og liknande.

Etter fleire kontrollar tidlegare i haust, ser dei no ei viss betring.

– Når det kan bli gitt 3000 kroner i gebyr for å vinkla skiltet for langt opp, så blei det ganske fort slutt på dette, fortel Drange.

Han legg til at det fortsatt er éin og annan som ikkje har fått det med seg.

Bot for manglande bruk av bilbelte

Statens vegvesen utførte òg ein mobil kontroll i Os sentrum.

Det blei kontrollert 39 lette køyretøy, tre av desse fekk skriftlege manglar.

Ein MC-førar fekk påpeik for mangel på spegl, mens ein anna bil fekk teknisk mangelseddel.

Dei kontrollerte ti bilistar for bilbeltebruk, ein av dei køyrde utan. Vedkomande fekk gebyr på 1500 kroner.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.