– Blendande nærlys til fare for fotgjengarar
Eit hjartesukk frå ein pappa og trafikklærar.
Vi er godt inne i den mørke årstida, og fleire ungar har hatt sine temadagar i skule og barnehage for å læra om bruk av refleks.
Men er du som bilførar god på å gjera forholda tryggare for fotgjengarar?
– Eg har fleire ungar som trener i Nore Neset idrettslag, og ser omfattande feil bruk av lys ved henting og levering, seier Thomas Birkeland.
Han legg til at han er køyrelærar, og kanskje har ekstra lett for å sjå feil.
– At bilistar står med nærlys på gjer det vanskeleg å sjå ungar og ungdom som kryssar vegen framfor bilen. Om andre har fått sine om bord og skal køyra, eller rygga, kan det fort gå gale.
– Eg har sett opptil 20 bilar stå med nærlys mens dei ventar på ungane sine.
Kvalifiserer til forelegg
Om du stoppar eller parkerer utan å skru av motoren, pliktar du å skifta til parkeringslys.
– Å stå i ro med nærlys gir 3.700 kroner i forelegg, om politiet hadde hatt kontroll, fortel Birkeland.
Den same reglen kan fint praktiserast om du stopper på ein møtestad på smal veg, for å vera høfleg med møtande trafikk.
Møtande trafikk kan få vanskar med å sjå om det er fotgjengarar eller dyr nær bilen din, om du blir ståande med nærlys på mens du ventar. Mange vil kanskje vegra seg for sjølv å ta på langlys for å få betre sikt, då du som ventar kanskje ville sett på det som uhøfleg å «blenda» ein som står og ventar på deg.
– Gjer deg kjent med bilen din
Birkeland kontakta Midtsiden i håp om at vi ville spreia bodskapen, og at det skal føra til at fleire bilistar blir flinkare til å bruka parkeringslys.
– Om du er ein som til no sjeldan eller aldri har brukt parkeringslys, ta deg tid til å bli kjent med bilen din, er hans oppmoding.
Test gjerne mens du står med fronten mot eit butikkvindauge, så du ser speglbilde av bilen.
– Feil lysbruk på bilar er saman med manglande refleksbruk blant dei mest vanlege årsakene til trafikkulykker ved køyring i mørket. Kombinerer du dei to, feil lysbruk og manglande refleks, og gjerne legg til våt vegbane, som forsterkar blendinga, så får vi utrygge forhold.