Lokal | 27. jan. 2020

Tok tak då «heile bygda» slutta å gå med refleks

Etter fleire nestenulykker kveld og morgon, tok Lyse eit offensivt grep.

Tok tak då «heile bygda» slutta å gå med refleks
Bård Nævdal og Lyse Drift er lei av å møta «usynlege» fotgjengarar kveld og natt, og deler no ut refleks. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 27. jan. 2020 21:31

Det har blitt lite snømoking på Lyse Drift til no i vinter, men ein del kveldar, netter og tidlege morgonar med salting.

Selskapet har ansvar for at det er godt fotfeste på mange kilometer med fortau i Os og ned til Krambua, men oppdaga tidleg at dette blei ein vinter som krev litt ekstra.

– Vi treff nesten ingen med refleks lenger, vi merker stor forskjell frå tidlegare år! Du har dei aller sprekaste, med rikeleg med refleksar og flaumlys på hovudet, nesten alle andre er vanskelege å sjå i mørket, seier Bård Nævdal.

– At dei dessutan har fått airpods til jul hjelper ikkje, dei høyrer jo ingenting!

«Straffar» syndarane med gåve

Bård og kollegaene fan fort ut at dei ville ta grep, og kontakta to leverandørar, Carfix og Kverneland.

– Dei hadde mange refleksvestar liggande, og vi får forsyna oss fritt for å dela ut.

I staden for å få kjeft av fotgjengarar som blir skremde av bråbremsande brøytebilar, deler dei no ut refleksvestar i gåve til usynlege fotgjengarar.

– Det er ganske mange ute og går på seine kvelden. Vi plar vera i mål til klokka 6 om morgonen, og eg håper dei som går til skulen er flinkare enn dei vi møter om nettene, seier Bård, og oppmodar folk å bli flinkare å gjera seg synleg, sjølv om dei går på gangveg eller fortau.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.